PROFILEN NØGD MED SIGEREN

Lagt ut av Førde IL - Handball den 31. Okt 2019

Ei av norsk handball sine store profilar, Tonje Larsen, kunne nøgd sjå at laget hennar Flint Tønsberg slo Førde onsdag kveld.

- Dette var ein kamp som vi raskt fekk kontroll på. Dermed kunne vi skifte inn mange spelarar som til vanleg sit på benken. Vi har eit tøft kampprogram framover og må ta slike omsyn, seier den norske EM-, VM- og OL-vinnaren etter at oppgjeret i Førdehuset endte 20-29 til bortelaget.


Mot eliten

Dermed kunne jentene til Tonje Larsen ta steget heilt opp på toppen av tabellen, og kan sjå ut til å ha stø kurs mot eliten.

- Vi har hatt gode kampar mot gode lag, og har komme oss til semifinalen i NM-cupen. Etter at vi slo ut Sola, så er vi klare for semifinale mot Storhamar om ei veke. Men før det skal vi spele toppkampen i serien mot Volda kommande søndag. Så det var litt godt å få kvilt nokre spelarar utover i kampen, seier Tonje Larsen til Førde Handball sin utsende i hallen.

 

Tok innpå

Det var bortelaget som festa grepet frå start, og var oppe i heile 11-3-leiing før heimelaget fann ut av Flint Tønsberg sitt tempo. Ved pause låg Førde under med åtte mål, og i ein periode var skilnaden mellom dei to laga nede i fem mål. Men etter ein liten sluttspurt avgjorde vestfoldlaget med ein klar nimålssiger.

Førde sin neste kamp er på bortebane mot Charlottenlund i Trondheim til helga.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



NO ER ALEX TILBAKE

Lagt ut av Førde IL - Handball den 28. Okt 2019

Når Førde møter topplaget Flint Tønsberg i Førdehuset onsdag kveld, så er Alexandra Baesu tilbake i troppen.

- Ja, eg kan stadfeste at Alex er tilbake. Ho spelte også bortekampen mot Rælingen førre helg, og vi ser at vi har bruk for styrken hennar i forsvar. Dessutan ser vi at dei andre spelarane dermed også kan få kvilt seg noko meir viss Alex står ein del i forsvar, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn og såg i oppgjeret mot Rælingen at forsvaret fungerte svært godt.

God i forsvar

- Ja, det var ein uvanleg god forsvarskamp. Spelarane stod opp for kvarandre, og det var heilt herleg å sjå innsatsen deira, seier Oddny Sønnesyn etter at laget noko overraskande vann 25-26 mot Rælingen, som i fjor spelte på det høgste nivået i Norge.

På onsdag kjem topplaget i årets 1. divisjon, Flint Tønsberg, til Førdehuset. Denne vestfoldklubben blir trent av handballprofilen Tonje Larsen, som har vunne både EM-, VM- og OL-gull på det norske damelandslaget. Og med Larsen sin rutine og ikkje minst handball-kunnskap betyr det at heimelaget sitt forsvar blir utruleg viktig viss Førde skal ha håp om to poeng igjen.

Comeback

Derfor kan Alexandra Baesu få viktige arbeidsoppgåvar mot Flint, ikkje minst defensivt. Ho har spelt for Førde i mange sesongar, men har tatt det roleg ein periode etter at ho fekk barn.

- Eg har tatt det litt rolegare det siste, men då eg vart spurt om eg kunne vere med litt, så kjende eg at det var aktuelt, seier den rumenske bakspelaren, som dagleg jobbar på Coop Extra.

- Eg har trent med laget i det siste, og merkar at det går betre og betre for kvar gang. Men det var tøft å spele bortekampen mot Rælingen, og kroppen var ganske mørbanka etterpå. Men no er eg klar for ny innsats for Førde, seier Baesu då vi møter på ho under treningsøkta i Førdehuset måndag kveld.

Kampstart på kampen onsdag er klokka 17.30.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



VART TOPPSCORAR, MEN SPELTE IKKJE KAMPEN

Lagt ut av Førde IL - Handball den 20. Okt 2019

Maria Ullebust Oppedal spelte ikkje kampen, men vart likevel toppscorar då Førde vann 25-26 på bortebane mot Rælingen søndag kveld.

Etter å ha studert kamp-rapporten i oppgjeret mellom Rælingen og Førde, så vart Maria Ullebust Oppedal toppscorar til Førde med sine seks mål (faktisk det samme som Lara Zidek også hadde). Men korleis kan det ha seg at Maria, som framleis er korsband-skada, kan bli toppscorar?

- No har det gått 10 månadar sidan eg vart skadd, og eg har hatt god utvikling på treningane i det siste. Så eg gav melding om at eg kunne vere med, men då berre viss eg fekk ta straffekasta. Og eg har faktisk aldri vore så nervøs før, smiler Maria Ullebust Oppedal etter at ho sette 6 av 7 straffer inn i nettmaskene bak Rælingen-målvakta.

Godt nøgd

- Det er ganske god utteljing, så den er eg eigentleg ganske fornøgd med. Dessutan er eg imponert over den defensive jobben som jentene presterer mot Rælingen-laget som faktisk spelte i toppserien i fjor. Målvaktene våre, Ida Drønen og Andrea Boge Solås, stoppa veldig mange skot, og dessutan jobba alle spelarane som heltar i forsvaret, seier Maria Ullebust Oppedal som håpar å vere tilbake for fullt rundt juletider.

- Kjem eg på bana før den tid, så er det bonus for min del. Det går betre og betre på trening, men det er klart at det er jo noko heilt anna å spele kampar. Så vi får sjå. Men eg har iallfall akseptert at eg kan ta straffene framover, smiler Førde-profilen.

Heime neste

Heimelaget Rælingen leia 12-10 ved pause, men sakte, men sikkert overtok Førde kommandoen utover i 2. omgang. Men det var heile tida svært jamt i Marikollhallen, men då dommarane blåste i fløyta kunne dei rosapynta Førde-jentene omfamne kvarandre i jubelscener.

No ventar heimekamp for Førde då dei møter topplaget Flint Tønsbeg i Førdehuset onsdag 30. oktober.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



- I DAG VAR ELISABETH GOD

Lagt ut av Førde IL - Handball den 6. Okt 2019

Oppgjeret mot Grane Arendal vart ei berg- og dalbane for heimelaget. I starten leia Førde klart, så overtok bortelaget fullstendig. Til slutt vann dei med ni mål.

Med 21-30 i tap mot klubben frå Sørlandet, var det ein skuffa Førde-trenar, Hilmar Gudlaugsson, som oppsummerte 1. divisjonskamepn i Førdehuset.

-Vi har ein veldig god start på kampen, men så kjem det ein periode midtveges i den første omgangen som øydelegg det meste, seier Førde-trenaren og siktar til at i løpet av ti minutt scorar Grane heile åtte mål mot Førde sine null.

- Dette er typisk for store delar av kampen. 25 av våre skot blir anten redda av keeperen deira eller går utanfor. Eg veit ikkje om eg har opplevd makan, seier Gudlaugson og viser til at både ein god bortekeeper og noko frustrasjon hos eigne spelarar kan vere grunnen.

- Derimot er eg svært godt nøgd med den jobben som spelarane gjer bakover på bana. Grane Arendal er eit godt lag, med jamn spelarstall. Men eg ser tydeleg at treningane vi har hatt i det siste med hovudfokus på det defensive, har gjeve resultat. Og i dag var Elisabeth Lund spesielt god. Ho er ein av dei minste spelarane vi har, men er likevel ein av dei tøffaste i duellane. Eit svært gode førebilete for dei andre, seier Gudlaugsson etter oppg jeret og smiler då akkurat Elisabeth Lund vart kåra til Førde sin beste.

- Og at Grane-keeperen også blir kåra til deira beste, stemmer godt overens med det bildet vi har. No handlar det berre om for vår del å halde fram med det gode arbeidet. Og eg er sikker på at vi skal plukke godt med poeng framover, avsluttar islendingen i Førde-drakta.

Neste kamp for Førde er bortekamp mot Rælingen, medan neste heimekamp er mot Flint Tønsberg. Denne kampen blir spelt 30. oktber i Førdehuset. 


Tekst og foto: Stig Roger Eide



- VI MÅ BLI BETRE I FORSVAR

Lagt ut av Førde IL - Handball den 5. Okt 2019

Søndag er det ny 1. divisjonskamp i Førdehuset. –Vi må ikkje la oss lure av at Grane Arendal er bak oss på tabellen, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.

Klokka 14.30 brakar det laust i Førdehuset igjen. Førde sin andre heimemotstandar, Grane Arendal, har ein siger og to tap hittil i sesongen. Men dei ligg bak Førde på tabellen grunna litt svakare målskilnad.

Godt forsvar

- Vi skal uansett ikkje undervurdere Grane Arendal. Dei har god rutine på dette nivået, og brukar stort sett alltid å hamne på den øvre halvdel av 1. divisjonstabellen, seier Oddny Sønnesyn og viser til at heimelaget har brukt den siste veka til å perfeksjonere forsvarsarbeidet.

- Det er på det området vi har mest å hente. Med godt forsvar, så forplantar det seg ofte til gode kontringar og mål. Dessutan er det ein psykologisk effekt med eit godt forsvar som betyr mykje, seier Sønnesyn og viser til at trenar Hilmar Gudlaugsson har gått gjennom fleire kampvideoar av søndagens motstandar.

God kjensle

- Vi ser også at dei har spesielt ein spelar, Merlinda Qorraj, som vi må ha litt spesielt fokus på. Ho har scora 20 spelemål på dei tre første kampane, og må stoppast i Førdehuset, lovar Sønnesyn føre årets fjerde seriekamp.

- Dette er den andre heimekampen for oss, og vi stiller uendra mannskap frå siste kamp. Så no håpar vi på den samme gode kjensla som vi hadde i den første heimekampen. Då slo vi som kjent Skrim Kongsberg, seier klubbens sportslege leiar.

Kampstart klokka 14.30 skuldast at motstandarlaget skal få komme seg tilbake til Arendal i løpet av søndag kveld.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



HANDBALL ER KULT

Lagt ut av Førde IL - Handball den 1. Okt 2019

I haustferien har du sjansen til å delta på handballskule i Førdehuset. Det er framleis ledige plassar.

Tradisjonen tru så arrangerer Førde il Handball sin årvisse handballskule i haustferien. Dette er eit flott sportsleg tilbod til dei som har interesse av å spele handball, eller som har lyst til å teste ut noko nytt.

Handballskulen startar måndag 7. oktober klokka 10.00, og varer til 15.00. Vi har undervisning og leik med ball tre dagar denne veka, og handballskulen vert avslutta onsdag klokka 15.00. Skulen er for aldersgruppa 7 til 12 år.

For påmelding er dette berre å sende mail til hilmargudlaugs@gmail.com  innan 2. oktober.

Prisen for aktivitetstilbodet er 650 kroner, og Førde il Handball stiller med åtte instruktørar under handballskulen.


Tekst og foto: Stig Roger Eide