FEKK TRENE MED STORKLUBBEN

Lagt ut av Førde IL - Handball den 17. Des 2019

Larvik handballklubb har budd i Førde dei siste dagane, og tysdag kveld trente dei saman med 1. divisjonsklubben Førde. – Klart dette er motiverande for oss, seier Oddny Sønnesyn.

Larvik Handballklubb er suverent den mestvinnande klubben på damesida i Norge, og kan slå i bordet med ei rad titlar både her til lands og internasjonalt. Men etter økonomisk rot i klubben i fjorårets sesong, vart klubben degradert til 1. divisjonsspel i år.

Har vore i Førde

På søndag spelte Larvik 20-20 mot heimelaget Førde, og som førebuing til kampen Larvik skal ha mot Volda førstkomande onsdag har dei blitt igjen i Førde.

- Dei har hatt fleire treningar, og tysdag kveld fekk vi gjennomført ei felles trening med våre spelarar, seier sportsleg leiar i Førde il Handball, Oddny Sønnesyn.

- Vanlegvis er vi ganske få spelarar på trening, men tysdag kveld var det ei nyting å sjå alle dei gode spelarane boltre seg i hallen. Klart dette er motiverande for oss. Ikkje minst fordi dette er spelarar som har ei profesjonell haldning til idretten. Dei har ikkje lenger dei mest kjende spelarane på laget, men i oppgjeret mot Volda onsdag kveld stiller til dømes Gro Hammerseng Edin opp som assistenttrenar. Det fortel litt om satsinga i den klubben, seier Sønnesyn.

Ny Førde-kamp

Sønnesyn ser også at fellestreninga med Larvik HK er ypparleg med tanke på Førde sin eigen kamp mot Fjellhammer onsdag kveld i Førdehuset.

- Vi fekk ein boost med poeng mot Larvik, og håpar sjølvsagt på å avslutte året med ein ny sterk kamp onsdag kveld. Og sjølvsagt håpar vi at folk tek fri frå juleførebuingane nokre timar og kjem til Førdehuset for å sjå god handball. Trur iallfall at dei som var på plass under thrilleren søndag kjem igjen. For dette kan bli veldig god underhaldning, seier Oddny Sønnesyn etter fellestreninga med Larvik HK.

MERK: Førde sin kamp mot Fjellhammer i Førdehuset onsdag kveld har kampstart 17.30.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



- DESSE JENTENE KAN SLÅ ALLE

Lagt ut av Førde IL - Handball den 15. Des 2019

Med 20-20 mot seriefavoritten Larvik vart Førde-jentene dei første som har spelt uavgjort mot den ikoniske handballklubben. Og på onsdag møter Førde opprykkskandidaten Fjellhammer.

- Dette Førde-laget overraska oss, og dei kan vere i stand til å slå alle i årets 1. divisjon. Iallfall viss dei presterer like godt som mot oss, seier Larvik-keeper Alma Hasanic Grizovic etter 20-20 i Førdehuset søndag kveld.

Tøft oppgjer

For etter ein jamnspelt 1. omgang, såg det ut til at det meritterte klubben klubben frå grenlandsområdet skulle sikre seg begge poenga. Men etter ein fantastisk sluttspurt av heimelaget, godt støtta av eit entusiastisk heimepublikum, så sikra Førde seg eitt poeng mot det som er forventa å bli eitt av topplaga i årets 1. divisjon.

- Vi trudde ikkje Førde skulle gje oss så mykje kamp. Men dei gav aldri opp, og eg var overlykkeleg då den islandske bakspelaren deira skaut i stolpen med mindre enn eit minutt igjen av kampen. Då fekk ikkje Førde tomålsleiinga dei ville ha, og vi makta å utlikne i sluttsekunda, seier landslagskeeperen til Montenegro som ikkje har delteke i årets VM i Japan då ho har to små barn på 1 og 3 år heime i Larvik.

- Eg får heller sjå om eg skal stå når Montenegro skal møte Norge i kvalikkamp i mars månad, smiler Larvik-keeperen etter poengdelinga i Førdehuset og vedgår at ho vart positivt overraska over Førde-keeperen Ida Drønen.

God keeper

- Ho stod veldig godt, og fekk full fortent tittelen som best på bana. Kjekt å sjå at målvaktene imponerer, seier 30-åringen etter kampen mot Førde.

For Førde sin del, så var oppgjeret mot Larvik eit steg i riktig retning etter tapet mot Fyllingen sist helg. Islandske Birta Run Gretarsdottir spelte ein stor kamp, og vart Førdes mestscorande med seks mål. Kantspelaren Martine Vindheim stoppa opp på fire.

Førde skal ut i ny kamp allereie førstkomande onsdag i Førdehuset. Då ventar nok eit topplag, nemleg Fjellhammer. Og etter denne thrilleren i Førdehuset kjem rimeleg sikkert dei tilskodarane som var i Førdehuset søndag kveld tilbake på onsdag. For dette var underhaldning på høgt nivå. 


Tekst og foto: Stig Roger Eide



HÅPET ER Å SPELE MEIR MOT LARVIK

Lagt ut av Førde IL - Handball den 14. Des 2019



Maria Ullebust Oppedal

  • Fødd: 30.08.1991
  • Posisjon: Bakspelar
  • Tidlegare klubbar: Viking (under studietida), Førde
  • Utdanning: Logoped/lærar
  • Jobb: Flatene skule, Førde

Når Norges mestvinnande handball-lag gjennom historia, Larvik, kjem til Førdehuset søndag, håpar Førde-kapteinen Maria Oppedal å få meir speletid.

- På fredag var det eitt heilt år sidan eg rauk korsbandet. Sist helg fekk eg spele fem minutt, og no håpar eg iallfall at eg får spele det dobbelte, seier Førde sin lagkaptein. For tida på sidelinja har vore både lang og tung, og når ho no får meir og meir speletid merkar ho at ho er utolmodig.

- Det heile starta med at eg fekk ta nokre straffekast. Mot Fyllingen sist helg fekk eg spele dei første 5 minutta, og då vart det eitt mål, ei straffe og ein assist. Då kjende eg at eg fekk lyst til å spele meir, seier 28-åringen som er den store profilen i handballmiljøet i Førde.

16 mål i år

Sjølv om Maria Oppedal har vore ute med skade så langt denne sesongen, står ho bokført med 16 mål (kor 15 av dei har komme på straffe).

- Det er veldig kjekt å få ta straffene, men eg har jo mest lyst til å vere med i spelet. Men eg har samstundes full respekt for dei avgjerdene som fysioterapeuten og trenaren min tek. Men eg håpar sjølvsagt å få høve til å bidra meir og meir. Ikkje minst fordi spelarstallen er noko tynn i år, og vi treng litt fleire strengar å spele på, seier Maria Oppedal.

Slå Larvik

Motstandaren Larvik på søndag har i mange, mange år vore den store klubben i norsk damehandball, og har mellom anna vunne Champions League. Men dei siste åra har klubben hatt store utfordringar økonomisk, og vart etter fjorårssesongen degradert til 1. divisjon.

- Dei hadde ein tøff start på årets sesong, men no ser det ut til at dei har fått litt orden på sakene, og blir berre betre og betre. Så vi skulle gjerne ha møtt dei tidlegare. Men samstundes ser det ut til at årets 1. divisjon er svært jamn, og alle klubbane kan slå kvarandre. Det er lite som skil mellom laga, og på ein god dag er det fullt mogleg å slå Larvik. Og vi håpar sjølvsagt at den kjem søndag kveld i Førdehuset, seier Maria Oppedal og håpar på godt frammøte på tribunene.

- Det er viktig for at vi skal yte vårt beste. Når vi spelar mot Larvik klokka 18.00 er handball-EM over, og no håpar eg verkeleg at folk prioriterer å sjå Førde spele mot den norske toppklubben. Vi skal gjere vårt beste for at dei skal få ei overrasking i Førdehuset, seier Maria Oppedal.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



SJÅ TOPPLAGET, OG STØTT EI GOD SAK

Lagt ut av Førde IL - Handball den 11. Des 2019

Når Norges mest kjende handball-lag på damesida, Larvik, møter Førde til 1.divisjonskamp søndag 15. desember, så vil alle billett-inntektene gå til SMISO.

- Spelargruppa har diskutert dette i fellesskap, og vi har einstemmig bedt styret i klubben om at alle pengane frå billettsalet skal gå uavkorta til SMISO her i fylket. Vi er imponert over den jobben dei gjer overfor sårbare personar, seier lagkaptein Maria Oppedal overfor Chatrine Elholm og Trude Merete Lundekvam då dei to SMISO-tilsette stikk innom treninga til 1.divisjonsspelarane tysdag kveld. SMISO er ei forkorting for organisasjonen Senter Mot Incest og Seksuelle Overgrep.


Ungdommar ser verdien

- Vi i SMISO er utruleg glad for at at Førde-handballen vil gje ei slik gåve til oss. Dette er noko som varmar skikkeleg. Spesielt det at det er ungdommar som ser verdien i den jobben vi gjer, seier Elholm, som er dagleg leiar ved SMISO.

Sogn og Fjordane var det siste fylket som fekk oppretta eit slikt senter, då det vart etablert i 2012.

- Vi har opplevd at det har vore store mørketal når det gjeld overgrep her i fylket også, og vi opplever at vi får ein ny brukar om lag kvar einaste veke gjennom heile året. I løpet av eitt år har vi om lag 1000 besøkjande innom senteret. Dette er eit lågterskel-tilbod, og vi byggjer først og fremst på samtale med brukarane. Vi held til i Hornesvegen 1, like ved Førde kyrkje, men har også eit svært aktivt informasjonsarbeid, mellom anna til 6. klassene ved alle skulane i fylket. No har vi også konkrete planar om å starte opp tilsvarande arbeid overfor barnehagane i fylket, seier Elhom.


Seks kroner

Elholm viser til at det for tida er fem tilsette ved SMISO Sogn og Fjordane.

- Vi er finanisert gjennom støtte frå kommune, fylkeskommune og stat, og går frå 1. januar ut med ein forespurnad om støtte på seks kroner per innbyggjar frå alle kommunane i fylket. Med tanke på den jobben vi gjer overfor svært utsette personar, så meiner vi dette umogleg kan vere noko stort bidrag, seier Lundekvam.

Gjennom arbeidet ved SMISO-senteret opererer dei med tre store brukargrupper.

- Den eine gruppa består av vaksne kvinner som tidlegare ikkje har fortalt om overgrepa dei har blitt utsette for. Den andre gruppa er unge brukarar som kan ha opplevd valdtekt, gjerne fest-relatert, og som ikkje har formidla dette vidare. Den tredje store gruppa er pårørande-samtaler til begge desse gruppene over, seier Elholm.  


Handball-støtte

Pengane som i tilfelle vil komme inn i samband med kampen mot Larvik skal uavkorta skal gå til førebyggjande arbeid ved SMISO Sogn og Fjordane.

- Dette er vi veldig bevisste på. Det offentlege skal stå for drifta av SMISO, og så skal vi bruke eventuelle gåvemidler til førebyggjande arbeid. Vi har mellom anna fått overført pengar frå Hafstad-russen dei to siste åra, og er svært glade for at yngre folk bidreg på ein slik måte. Dessutan er vi svært glade for at både russen og no Førde-handballen på denne måten skaper merksemd rundt den jobben vi gjer, seier Trude Merete Lundekvam.

Kampen mot den tidegare storklubben Larvik, som rykka ned frå toppserien grunna økonomisk rot i fjor, blir spelt i Førdehuset klokka 18.00 søndag 15. desember.

- Vi skal komme og heie på Førde, seier dei to frå SMISO Sogn og Fjordane.

Så ta turen DU også, og støtt både SMISO og Førde-handball.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



RUM samling jenter 2004-2005

Lagt ut av Førde IL - Handball den 27. Nov 2019

Tysdag 3. desember er det RUM-samling for jenter 2004-2005 i Styrkhallen i Innvik.

Det er 20 stk frå fylket som har blitt tatt ut til denne samling, og frå Førde skal Amalie Haugsbø Ness vere med.


Her er alle som skal delta på RUM samling i Styrkhallen:

2004 Maria Berghlin, Dale

2004 Erica Ljotebø Bale, Høyang

2004 Karoline Hjelle, Gloppen

2004 Maja Ravnestad, Dale

2004 Emma Nundal, Jotun

2004 Ingeborg Knudsen Berg, Syril

2004 Alyssa Heggen-Watson, Eid

2004 Thea Heimtun, Florø

2004 Dorthea Evebø, Gloppen

2004 Beate Humlestøl Njøs, Syril

2005 Julia Maureira, Høyang

2005 Lina R. Dale, Haugen

2005 Katrine Bruland, Gloppen

2005 Frida Holen Eikefjord, Jølster

2005 Ina Hovland Orre, Florø

2005 Ane Hove, Jotun

2005 Anja Hickman, Syril

2005 Aleksandra Myklebust, Dale

2005 Amalie Haugsbø Ness, Førde

2005 Jette P. Hovland, Dale



Ekstraordinært årsmøte

Lagt ut av Førde IL - Handball den 21. Nov 2019

Måndag 25. november blir det ekstraordinært årsmøte i Hafstadparken kl. 19.00.

Sak:
- Nytt styremedlem i Førde IL Handball.

Tidlegare i år ga Merethe Klakegg seg som styremedlem.

Styret føreslår Geir Eikås som nytt styremdlem.


Dette blir einaste sak på det ekstraordinære årsmøte måndag.


Bernt Ove Berntsen
Styreleiar
Førde IL Handball



- ALEX TOK OPP KAMPEN

Lagt ut av Førde IL - Handball den 17. Nov 2019

Førde-spelarane kasta seg rundt halsen på kvarandre og jubla hemningslaust etter sigeren mot Ålgård søndag ettermiddag.-Herleg at vi tek om kampen på ein slik måte, seier Hilmar Gudlaugsson.

Førde sin islandske trenar kunne sjå at det var heimelaget som tok kommandoen i oppgjeret, men sakte, men sikkert kom rogalandsjentene ajour. Og midtveges i 2. omgang var Ålgård faktisk i leiinga.

- Vi hadde litt problem i ein periode. Ålgård hadde sett frimerke på Birta Gretarsdottir, og dei alternativa vi testa ut som bakspelarar, hadde ikkje dagen. Og eg visste at Alexandra Baesu har eit bra skot, og tok sjansen på at ho også skulle spele i angrep. Og det vart ein suksess, ler Gudlaugsson og kunne sjå at den rumenske bakspelaren vart toppscorar for Førde med sine sju mål.

Sju mål

- Nokre av dei skota var ho heldige med. Men det viktigaste er at ho tek ansvar og kjem til avslutningar. Då blir det ofte mål, seier Gudlaugsson og såg gledesscene der Førde-jentene dansa rundt.

- Eg merkar vi får litt større breidde i troppen, og då er det fleire å spele på. Det er ikkje alltid at spelarane har dagen sin, og då er det viktig å ha nokre spelarar i bakhand. Og i dag vart det ein skikkeleg suksess med Alex, seier Gudlaugsson og såg at Birta Gretarsdottir vart kåra til Førde sin beste spelar.

God Birta

- Birta hadde ein veldig god 1. omgang, og då ho får frimerke på seg i 2. omgang, er vi heilt avhengig av at nokre av dei andre tek ansvar og tør å utfordre. Og i dag var det iallfall ingen tvil om at Alex lukkast med det, seier Gudlaugsson.

No skal Førde-jentene ha fri i to helger, før laget skal ha bortekamp mot Fyllingen i Bergen 8. desember. Og 15. desember kjem det gamle storlaget Larvik til Førdehuset i det som blir avslutningskampen for Førde på denne sida av nyåret.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



BLI KJENT MED….

Lagt ut av Førde IL - Handball den 16. Nov 2019


Martine Vindheim

  • Posisjon: Kantspelar 
  • Fødd:12. 11. 1996
  • Frå: Førde
  • Tidlegare klubbar: Førde
  • Bustad: Førde/Sogndal
  • Jobb/studie: Lærarstudie ved HVL Sogndal

Trass sin unge alder, 23, er Martine Vindheim likevel ein av dei mest erfarne spelarane på årets Førde-lag i 1. divisjon.

- Ja, det har blitt nokre sesongar på Førde sitt seniorlag. Eg hugsar at eg fekk seniordebuten min på samme lag som mamma i 4. divisjon. Trur det må ha vore då eg var 16 år. Og det betyr vel at eg har spelt på seniornivå her i Førde i sju sesongar det, seier Martine Vindheim som til dagleg er allmenlærarstudent ved Høgskulen i Sogndal.

Studerer

- Akkurat no bur eg stort sett heime, og det er ein fin kombinasjon å spele handball samt å studere. Det var litt tyngre då vi pendla fram og tilbake til Sogndal fleire kveldar i veka, seier den  fotrappe kantspelaren og siktar til åra då ho og Marit Ova Bøyum reiste fram og tilbake mellom Sogndal og Førde.

- Då vart vi veldig samansveisa, og det var kanskje noko av grunnen til at samarbeidet mellom oss også var så god på bana. Etter at Marit drog til Fana og Maria Oppedal vart skada, så har vi fått heilt ny backrekke. Og det tek sjølvsagt noko tid før vi blir kjende med kvarandre og forstår korleis vi tenkjer, seier Martine Vindheim som likevel har 18 mål frå sin kantposisjon etter dei åtte første kampane.

Fleire mål

- Håpar det blir nokre fleire mot Ålgård på søndag. I fjor hadde vi både siger og tap mot dei, og det er eitt av dei laga vi absolutt bør kunne stele poeng av. Målet er iallfall å få full poengpott i helga. Etter denne kampen skal vi nemleg ha to helger med spelefri, og då kan ein siger gje positive ringverknader inn i treningsperioden. Så vi går for to poeng mot Ålgård, seier Martine Vindheim og håpar publikum stiller opp i Førdehuset til denne kampen.

- Vi merkar det at vi yter alltid litt ekstra nå det er godt med tilskodarar. Så eg håpar å sjå mange på tribunene mot Ålgård, seier Martine Vindheim.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



BLI KJENT MED.....

Lagt ut av Førde IL - Handball den 9. Nov 2019


Ida Drønen

  • Posisjon: Målvakt 
  • Fødd: 11.06.96
  • Frå: Samnanger
  • Tidlegare klubbar: Fyllingen, Østsiden Fredikstad og Fredrikstad Ballklubb
  • Bustad: Førde
  • Jobb: Fotograf hos Photoevent

Søndag ettermiddag skal Førde møte sunnmørsklubben Volda på bortebane. Eit lag som er med i toppen av 1. divisjon, og som betyr at Førde-målvakta Ida Drønen må vere førebudd på to travle omgangar.

-Personleg kjenner eg veldig lite til Volda. Vi møtte dei i ein treningskamp føre sesongstart, og spelte då ganske jamt med dei. Men i utgangspunktet er vel Volda favorittar mot oss, seier Drønen.

God i mål

Målvakta til Førde har hatt ein svært god start på sesongen, og i tre av dei sju kampane som er spelte, så har Ida Drønen blitt kåra til Førdes beste spelar.

-Eg har fått mykje speletid så langt, og føler sjølv det har gått ganske bra. Men vi skulle sjølvsagt ha hatt nokre poeng til. Spesielt var 25-26-tapet mot Fjellhammer surt, seier Drønen og ser klare forbetringar i forsvaresarbeidet etter at Alexandra Baesu gjorde comeback.

Rutine i forsvaret

- Det er tydeleg at hennar rutine har mykje å seie. Og i dei kampane ho har spelt, så har forsvaret stått godt. Noko som gjer det lettare å vere målvakt, seier Drønen før kampen i Voldahallen.

- Vi reiser oppover tidleg på søndag, og det er kampstart 15.00. Og no håpar vi verkeleg at vi skal kunne overraske favorittane frå Sunnmøre, seier Førde-keeperen offensivt.

Volda har på si side to tap hittil i sesongen, og ligg på tredjeplass, to poeng bak topplaga Flint Tønsberg og Fjellhammer.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



OPNAR OPP FOR ANDRE KLUBBAR

Lagt ut av Førde IL - Handball den 5. Nov 2019

Tysdag kveld deltok tre unge og talentfulle spelarar frå Syril og Gloppen på treninga med A-laget vårt.

Dei tre spelarane som hospiterte på dagens treninga med 1.divisjonslaget var frå venstre, i midten framme: Laila Fossheim (Gloppen), Beate Humlestøl Njøs (Syril) og Ingrid Hovlid (Syril).

- Vi har invitert unge og talentfulle spelarar frå heile fylket til å delta på nokre av treningane til 1.divisjonslaget. På den måten vil vi gje desse spelarane kjennskap til Førde il Handball, og dessutan får desse spelarane sjå kva som trengst for å komme opp på dette nivået, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn etter at dei tre første jentene hadde hospitert med laget på treninga i Førdehuset..

- Dei fekk ei positiv oppleving, og ser at det må jobbast hardt og tøft over tid for å komme opp på dette nivået. I dag var det tre spelarar som deltok, og neste gong har vi fått signal på at det vil komme nokre til frå Gloppen i tillegg, to frå Stryn og ei til frå Syril. Men vi hadde gjerne sett at det var fleire klubbar, spesielt i nærområdet, som kunne tenkt seg å gje sine unge spelarar slik erfaring, seier Oddny Sønnesyn og viser til at Dale sine jentespelarar allereie deltek på fleire av Førde sine treningar.

- Det skuldast partneravtalen vi har med Dale, og gjev desse spelarane ein flott treningskvardag. Og både 1.divisjonsspelarane og vi i leiinga set utruleg stor pris på at desse tre jentespelarane her deltok på kveldens trening, seier Sønnesyn.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



PROFILEN NØGD MED SIGEREN

Lagt ut av Førde IL - Handball den 31. Okt 2019

Ei av norsk handball sine store profilar, Tonje Larsen, kunne nøgd sjå at laget hennar Flint Tønsberg slo Førde onsdag kveld.

- Dette var ein kamp som vi raskt fekk kontroll på. Dermed kunne vi skifte inn mange spelarar som til vanleg sit på benken. Vi har eit tøft kampprogram framover og må ta slike omsyn, seier den norske EM-, VM- og OL-vinnaren etter at oppgjeret i Førdehuset endte 20-29 til bortelaget.


Mot eliten

Dermed kunne jentene til Tonje Larsen ta steget heilt opp på toppen av tabellen, og kan sjå ut til å ha stø kurs mot eliten.

- Vi har hatt gode kampar mot gode lag, og har komme oss til semifinalen i NM-cupen. Etter at vi slo ut Sola, så er vi klare for semifinale mot Storhamar om ei veke. Men før det skal vi spele toppkampen i serien mot Volda kommande søndag. Så det var litt godt å få kvilt nokre spelarar utover i kampen, seier Tonje Larsen til Førde Handball sin utsende i hallen.

 

Tok innpå

Det var bortelaget som festa grepet frå start, og var oppe i heile 11-3-leiing før heimelaget fann ut av Flint Tønsberg sitt tempo. Ved pause låg Førde under med åtte mål, og i ein periode var skilnaden mellom dei to laga nede i fem mål. Men etter ein liten sluttspurt avgjorde vestfoldlaget med ein klar nimålssiger.

Førde sin neste kamp er på bortebane mot Charlottenlund i Trondheim til helga.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



NO ER ALEX TILBAKE

Lagt ut av Førde IL - Handball den 28. Okt 2019

Når Førde møter topplaget Flint Tønsberg i Førdehuset onsdag kveld, så er Alexandra Baesu tilbake i troppen.

- Ja, eg kan stadfeste at Alex er tilbake. Ho spelte også bortekampen mot Rælingen førre helg, og vi ser at vi har bruk for styrken hennar i forsvar. Dessutan ser vi at dei andre spelarane dermed også kan få kvilt seg noko meir viss Alex står ein del i forsvar, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn og såg i oppgjeret mot Rælingen at forsvaret fungerte svært godt.

God i forsvar

- Ja, det var ein uvanleg god forsvarskamp. Spelarane stod opp for kvarandre, og det var heilt herleg å sjå innsatsen deira, seier Oddny Sønnesyn etter at laget noko overraskande vann 25-26 mot Rælingen, som i fjor spelte på det høgste nivået i Norge.

På onsdag kjem topplaget i årets 1. divisjon, Flint Tønsberg, til Førdehuset. Denne vestfoldklubben blir trent av handballprofilen Tonje Larsen, som har vunne både EM-, VM- og OL-gull på det norske damelandslaget. Og med Larsen sin rutine og ikkje minst handball-kunnskap betyr det at heimelaget sitt forsvar blir utruleg viktig viss Førde skal ha håp om to poeng igjen.

Comeback

Derfor kan Alexandra Baesu få viktige arbeidsoppgåvar mot Flint, ikkje minst defensivt. Ho har spelt for Førde i mange sesongar, men har tatt det roleg ein periode etter at ho fekk barn.

- Eg har tatt det litt rolegare det siste, men då eg vart spurt om eg kunne vere med litt, så kjende eg at det var aktuelt, seier den rumenske bakspelaren, som dagleg jobbar på Coop Extra.

- Eg har trent med laget i det siste, og merkar at det går betre og betre for kvar gang. Men det var tøft å spele bortekampen mot Rælingen, og kroppen var ganske mørbanka etterpå. Men no er eg klar for ny innsats for Førde, seier Baesu då vi møter på ho under treningsøkta i Førdehuset måndag kveld.

Kampstart på kampen onsdag er klokka 17.30.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



VART TOPPSCORAR, MEN SPELTE IKKJE KAMPEN

Lagt ut av Førde IL - Handball den 20. Okt 2019

Maria Ullebust Oppedal spelte ikkje kampen, men vart likevel toppscorar då Førde vann 25-26 på bortebane mot Rælingen søndag kveld.

Etter å ha studert kamp-rapporten i oppgjeret mellom Rælingen og Førde, så vart Maria Ullebust Oppedal toppscorar til Førde med sine seks mål (faktisk det samme som Lara Zidek også hadde). Men korleis kan det ha seg at Maria, som framleis er korsband-skada, kan bli toppscorar?

- No har det gått 10 månadar sidan eg vart skadd, og eg har hatt god utvikling på treningane i det siste. Så eg gav melding om at eg kunne vere med, men då berre viss eg fekk ta straffekasta. Og eg har faktisk aldri vore så nervøs før, smiler Maria Ullebust Oppedal etter at ho sette 6 av 7 straffer inn i nettmaskene bak Rælingen-målvakta.

Godt nøgd

- Det er ganske god utteljing, så den er eg eigentleg ganske fornøgd med. Dessutan er eg imponert over den defensive jobben som jentene presterer mot Rælingen-laget som faktisk spelte i toppserien i fjor. Målvaktene våre, Ida Drønen og Andrea Boge Solås, stoppa veldig mange skot, og dessutan jobba alle spelarane som heltar i forsvaret, seier Maria Ullebust Oppedal som håpar å vere tilbake for fullt rundt juletider.

- Kjem eg på bana før den tid, så er det bonus for min del. Det går betre og betre på trening, men det er klart at det er jo noko heilt anna å spele kampar. Så vi får sjå. Men eg har iallfall akseptert at eg kan ta straffene framover, smiler Førde-profilen.

Heime neste

Heimelaget Rælingen leia 12-10 ved pause, men sakte, men sikkert overtok Førde kommandoen utover i 2. omgang. Men det var heile tida svært jamt i Marikollhallen, men då dommarane blåste i fløyta kunne dei rosapynta Førde-jentene omfamne kvarandre i jubelscener.

No ventar heimekamp for Førde då dei møter topplaget Flint Tønsbeg i Førdehuset onsdag 30. oktober.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



- I DAG VAR ELISABETH GOD

Lagt ut av Førde IL - Handball den 6. Okt 2019

Oppgjeret mot Grane Arendal vart ei berg- og dalbane for heimelaget. I starten leia Førde klart, så overtok bortelaget fullstendig. Til slutt vann dei med ni mål.

Med 21-30 i tap mot klubben frå Sørlandet, var det ein skuffa Førde-trenar, Hilmar Gudlaugsson, som oppsummerte 1. divisjonskamepn i Førdehuset.

-Vi har ein veldig god start på kampen, men så kjem det ein periode midtveges i den første omgangen som øydelegg det meste, seier Førde-trenaren og siktar til at i løpet av ti minutt scorar Grane heile åtte mål mot Førde sine null.

- Dette er typisk for store delar av kampen. 25 av våre skot blir anten redda av keeperen deira eller går utanfor. Eg veit ikkje om eg har opplevd makan, seier Gudlaugson og viser til at både ein god bortekeeper og noko frustrasjon hos eigne spelarar kan vere grunnen.

- Derimot er eg svært godt nøgd med den jobben som spelarane gjer bakover på bana. Grane Arendal er eit godt lag, med jamn spelarstall. Men eg ser tydeleg at treningane vi har hatt i det siste med hovudfokus på det defensive, har gjeve resultat. Og i dag var Elisabeth Lund spesielt god. Ho er ein av dei minste spelarane vi har, men er likevel ein av dei tøffaste i duellane. Eit svært gode førebilete for dei andre, seier Gudlaugsson etter oppg jeret og smiler då akkurat Elisabeth Lund vart kåra til Førde sin beste.

- Og at Grane-keeperen også blir kåra til deira beste, stemmer godt overens med det bildet vi har. No handlar det berre om for vår del å halde fram med det gode arbeidet. Og eg er sikker på at vi skal plukke godt med poeng framover, avsluttar islendingen i Førde-drakta.

Neste kamp for Førde er bortekamp mot Rælingen, medan neste heimekamp er mot Flint Tønsberg. Denne kampen blir spelt 30. oktber i Førdehuset. 


Tekst og foto: Stig Roger Eide



- VI MÅ BLI BETRE I FORSVAR

Lagt ut av Førde IL - Handball den 5. Okt 2019

Søndag er det ny 1. divisjonskamp i Førdehuset. –Vi må ikkje la oss lure av at Grane Arendal er bak oss på tabellen, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.

Klokka 14.30 brakar det laust i Førdehuset igjen. Førde sin andre heimemotstandar, Grane Arendal, har ein siger og to tap hittil i sesongen. Men dei ligg bak Førde på tabellen grunna litt svakare målskilnad.

Godt forsvar

- Vi skal uansett ikkje undervurdere Grane Arendal. Dei har god rutine på dette nivået, og brukar stort sett alltid å hamne på den øvre halvdel av 1. divisjonstabellen, seier Oddny Sønnesyn og viser til at heimelaget har brukt den siste veka til å perfeksjonere forsvarsarbeidet.

- Det er på det området vi har mest å hente. Med godt forsvar, så forplantar det seg ofte til gode kontringar og mål. Dessutan er det ein psykologisk effekt med eit godt forsvar som betyr mykje, seier Sønnesyn og viser til at trenar Hilmar Gudlaugsson har gått gjennom fleire kampvideoar av søndagens motstandar.

God kjensle

- Vi ser også at dei har spesielt ein spelar, Merlinda Qorraj, som vi må ha litt spesielt fokus på. Ho har scora 20 spelemål på dei tre første kampane, og må stoppast i Førdehuset, lovar Sønnesyn føre årets fjerde seriekamp.

- Dette er den andre heimekampen for oss, og vi stiller uendra mannskap frå siste kamp. Så no håpar vi på den samme gode kjensla som vi hadde i den første heimekampen. Då slo vi som kjent Skrim Kongsberg, seier klubbens sportslege leiar.

Kampstart klokka 14.30 skuldast at motstandarlaget skal få komme seg tilbake til Arendal i løpet av søndag kveld.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



HANDBALL ER KULT

Lagt ut av Førde IL - Handball den 1. Okt 2019

I haustferien har du sjansen til å delta på handballskule i Førdehuset. Det er framleis ledige plassar.

Tradisjonen tru så arrangerer Førde il Handball sin årvisse handballskule i haustferien. Dette er eit flott sportsleg tilbod til dei som har interesse av å spele handball, eller som har lyst til å teste ut noko nytt.

Handballskulen startar måndag 7. oktober klokka 10.00, og varer til 15.00. Vi har undervisning og leik med ball tre dagar denne veka, og handballskulen vert avslutta onsdag klokka 15.00. Skulen er for aldersgruppa 7 til 12 år.

For påmelding er dette berre å sende mail til hilmargudlaugs@gmail.com  innan 2. oktober.

Prisen for aktivitetstilbodet er 650 kroner, og Førde il Handball stiller med åtte instruktørar under handballskulen.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



BLI KJENT MED…

Lagt ut av Førde IL - Handball den 30. Sep 2019


  • Camilla Leikvoll
  • Fødd: 13.05.98. Frå: Fana, Bergen. Tidlegare klubbar: Kringlebotn, Bjarg, Fana, TIF Viking.
    Bustad: Førde. Jobb: Studerer ved Ingeniørskulen HVL.

- Eg har ikkje angra eit einaste sekund på at eg valde å flytte til Førde og spele 1. divisjon her, smiler Camilla Leikvoll.


Bergensjenta spelte i fjor for TIF Viking, og etter mange år for forskjellige klubbar i bergensområdet, var steget stort då ho valde å flytte til Førde.

- Eg var sjølvsagt litt usikker i starten. Men då Viking rykka ned til 2. divisjon i vår, tenkte eg at tida var moden for ei endring. Eg kjende nokre av spelarane på Førde frå tidlegare sesongar, og visste også at dei hadde eit veldig godt og aktivt støtte-apparat. Noko som har vore viktig for meg i den fasen eg har vore inne i, seier kantspelaren som i løpet av det siste året har drive opptrening etter korsband-operasjon.

 

Tilbake for fullt

- Eg øydela korsbandet mitt i mai 2018, og den første kne-operasjonen hadde eg i juli same året. Eg måtte også ha eit nytt inngrep noko seinare. Men no er eg tilbake så godt som for fullt. Eg har trent alternativt i lang tid, og no spelar eg omtrent 10 minutt i kvar omgang. Og eg merkar det går betre og betre. Så eg reknar med å prestere betre for kvar kamp utover, seier Leikvoll og ser optimitisk på opphaldet i Førde.

- Det er ein utruleg flott gjeng dette, og eg har det veldig godt her. Humøret både på treningane og utanfor er topp. No handlar det berre om at poenga skal komme etter kvart. Eg merka vi fekk ein boost då vi slo Skrim Kongsberg på heimebane sist. Så det betyr berre at vi går to nye poeng når Grane frå Arendal er motstandar i Førdehuset komande søndag, seier Leikvoll.

På kamp

Ho håpar derfor at publikum skal komme og støtte jentene i deira andre heimekamp i år.

- Eg veit at vi presterer betre når stemninga i Førdehuset er god. Vi såg det mot Skrim Kongsberg, og håpar på ein reprise kommande søndag. Så ta turen til Førdehuset DU også, er rådet frå Førde sin nye kantspelar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



BLI KJENT MED…

Lagt ut av Førde IL - Handball den 25. Sep 2019


  • Amanda Holmen Eriksen
  • Fødd: 01.04.01. Frå: Flora. Bustad: Florø. Jobb: Deltid Spenst Florø, siste året på Florø vgs

I nesten eitt år køyrde mammaen og pappaen til Amanda Holmen Eriksen dottera tur/retur Florø-Førde inntil fem dagar i veka, for at jentungen skulle få realisere draumane sine i handball.

- Dei har vore fantastiske og delt på dette ansvaret. Men no har eg fått lappen sjølv, slik at dei treng ikkje lenger vere sjåførar for meg. Men når det er kamp, så høyrer du iallfall pappa på tribunen. Han elskar å lage støy med tromma si, ler den fotrappe bakspelaren hjerteleg.

 

Godt humør

For at Amanda har tempo i kroppen har dei fleste oppdaga for lengst. Ho er dessutan uredd og akrobatisk i si framtoning på bana, og har ikkje minst eit sprudlande humør.

- Det skuldast sikkert at et eg trivst svært godt her i Førde. Vi har ein utruleg bra spelartropp som alle er opptekne av at vi alle skal utvikle oss. Dessutan er støtte-apparatet rundt laget svært bra. Så dette er ein uvanleg god plass å utvikle seg på, seier 18-åringen som kom rett i troppen til 1.divisjonslaget då ho kom til Førde midt i sesongen i fjhor.

- Det å bli inkludert i troppen med ein gang var utruleg kjekt. Det er klart at då lærer ein mykje på kort tid. Og eg merkar sjølv at eg har teke steg sidan eg kom til Førde. Noko eg håpar skal skje vidare og, seier Amanda som ikkje er framand for å ta nok eit år i Førde.

 

Kan bli i Førde

- Eg har ikkje bestemt meg enda når det gjeld neste sommar. Skal eg studere så har eg lyst til anten Bergen eller Kristiansand. Men samstundes trivst eg så godt her, og viss utsiktene for å utvikle seg er like bra etter sesongen som no, så kan det godt hende at eg tek eit år til i Førde, seier Amanda føre bortekampen mot Haslum i kveld.

- Eg kjenner berre til at Haslum rykka opp frå 2. divisjon, og trenaren vår, Hilmar Gudlaugsson, seier at det skal vere mogleg å slå dei. Faktisk seier han at vi kan slå alle berre vi yter 100 prosent av det vi er i stand til. Og helst gjer det på samme tid, ler Amanda etter treningsøkta i Førdehuset måndag kveld.

 

Klar for kamp

- Eg håpar sjølvsagt på speletid i kveld også, og skal gjere mitt beste. Då spelar det liten rolle om det blir bakspelar på venstresida eller i midten. Og skulle trenaren finne på å plassere meg på ein kant, så tek eg den utfordringa også. Eg er jo villeg til å utvikle meg meir, ler Amanda Holmen Eriksen og leiter etter bilnøklane.

- Tenk, no slepp mamma og pappa køyre fram og tilbake. No kan eg ta ansvaret sjølv, seier Amanda.



BIRTA KNUSTE TIL DÅ FØRDE VANN THRILLER

Lagt ut av Førde IL - Handball den 16. Sep 2019

Førde sin nye bakspelar, Birta Gretarsdottir, scora heile ti mål då Førde slo Skrim 25-24 søndag kveld.

Fjorårets eliteserielag, Skrim Kongsberg, såg lenge ut til å sikre seg begge poenga i Førdehuset søndag kveld, og var i føringa eit godt stykke ut i 2. omgang. Bortelaget leia 13-11 ved pause, men når først Førde-maskineriet kom i siget, så overtok heimelaget føre eit entusiastisk heimepublikum.

Sakte, men sikkert overtok Førde leiinga i kampen, og i sluttminutta utspant det seg ein thriller utan like. Men mannskapet til Hilmar Gudlaugsson heldt nervane under kontroll på tampen av oppgjeret, og kunne juble hemningslaust over at dei første poenga kom allereie i den andre kampen i årets 1. divsjon.

Førde sin beste spelar i oppgjeret var målvakta Ida Drønen, og ho fekk tildelt bestemannspremien etter kampen.

Toppscorar for Førde i dette oppgjeret var Birta Gretarsdottir med heile ti mål. Neste kamp for Førde er bortekamp mot Haslum onsdag 25. september.



BLI KJENT MED….

Lagt ut av Førde IL - Handball den 13. Sep 2019



  • Benedicte Frøyen Bergset

  • Fødd: 29.06.1999. Frå: Høyanger. Bustad: Førde. Jobb: Lærling Flatene skule.



Når Førde søndag kveld møter fjorårets toppserielag Skrim Kongsberg, så vil DU garantert oppdage Benedicte på bana. Ho er eit fyrverkeri av ein spelar, og er som strekspelar kanskje den på laget som får mest juling gjennom ein kamp. Men samstundes er ho også den som gir mest juling tilbake.- He, he. Det kan vere tøft å vere strekspelar, ja. Men eg elskar desse tette og tøffe duellane, seier Benedicte, som i det sivile er heller roleg av seg. Noko som trengst då ho er lærling i 1. klasse på Flatene skule.


I arv

- Når det er kamp, så skrur eg meg på. Det er sikkert noko eg har arva frå begge foreldra mine, smiler Benedicte. Og tenker på at pappa Svein Inge, er «Mr.Høyang» i fotballen i Høyanger med mange hundre A-lagskampar, og at mamma Malin har utmerkt seg med mange løp på halvmaraton og maraton, så har ho truleg arva idrettsgener.

- Eg har nok fått noko frå dei, ja. Så det er kanskje ikkje så rart at eg lengtar etter å ta meg ein tur til Høyanger så ofte som mogleg. For å vere saman med mamma og pappa, besta og besten. Men når det er sagt, så trivst eg veldig godt her i Førde også, seier lagets strekspelar som no ser ut til å ha spelt seg til ein fast plass på laget.

- Eg har gått gradene i laget. Dei første åra eg var her og gjekk på Øyrane vgs, så var det lite speletid på A-laget. Men i fjor fekk eg mange kampar, og no håpar eg sjølvsagt å ha styrka kandidaturet mitt hos trenar Hilmar Gudlaugsson, seier Benedicte.

Kom på kamp

Søndag klokka 18.15 kjem Skrim Kongsberg til Førdehuset for årets første heimekamp, og jentene på Førde håpar at DU kjem på kamp og støttar dei.

- Det betyr mykje for oss som spelarar at vi opplever å ha god støtte på tribunene, seier strekspelar Benedicte og gjer seg klar for å vise jentene frå sølvgruvebyen Kongsberg at det finst musklar i Førde også.



Tekst og foto: Stig Roger Eide



SÅ NÆR, SÅ NÆR

Lagt ut av Førde IL - Handball den 8. Sep 2019

Førde tapte opningskampen mot Fjellhamar med eitt mål søndag kveld. Lara Zidek (bilde) vart toppscorar for Førde med fem mål.

Førde var så nære sigeren som det var mogleg å komme i oppgjeret i Lørenskoghallen søndag kveld. Etter at heimelaget tok kommandoen i opningsminutta, kom Førde sterkt og var i føringa midtveges i 1. omgang. Men derifrå og ut var det heimelaget som styrte oppgjeret.

Men det ferske Førde-laget kom nærare og nærare utover i 2. omgang. Ved pause leia heimelaget 17-14, men Førde kom ajour på stillinga 24-24. Heimelaget gjekk i leiinga igjen, men Førde nekta å gje seg i sluttminutta.

Men på stillinga 27-27 fekk Førde-mannskapet to tekniske feil som vart utslagsgjevande. Heimelaget scora eitt mål til, og dette makta ikkje mannskapet til Hilmar Gudlaugsson å hente igjen. Dermed vart det 28-27 til Fjellhamar i noko som likevel var ein sterk bortekamp av Førde. Ikkje minst sett i det lys av at heimelaget har signalisert at dei har ambisjonar om å vere i toppen i årets 1. divisjon.

Førde sin nye spelar Lara Zidek vart toppscorar for bortelaget, medan kvartetten Elisabeth Lund, Amanda Holmen Eriksen, Benedicte Frøyen Bergset og Birta Gretarsdottir alle scora fire mål kvar.

Neste kamp for Førde-jentene er allereie førstkommande søndag. Då ventar fjorårets eliteserielag Skrim Kongsberg til årets første heimekamp i Førdehuset.

Kom på kamp og støtt jentene!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide



PÅ SØNDAG ER DET ALVOR

Lagt ut av Førde IL - Handball den 5. Sep 2019

Dette er spelarane som deltok på fotograferinga denne veka: Bak frå venstre: Hilmar Gudlaugsson, Benedicte Frøyen Bergset, Ivana Raickovic, Birta Gretarsdottir, Maria Oppedal, Elisabeth Lund, Lara Zidek og Oddny Sønnesyn. Sitjande frå venstre: Camilla Leikvoll, Amanda Holmen Eriksen, Ida Drønen, Oda Vindheim og Martine Vindheim.


«Nye» Førde spelar sin første 1.divisjonskamp på bortebane søndag. – Vi går offensivt ut, seier Oddny Sønnesyn.

Førde il Handball sin sportsleg leiar Oddny Sønnesyn og trenar Hilmar Gudlaugsson mønstrar endeleg fullt mannskap når serien startar opp i 1.divisjon til helga.

- Ja, etter at vi tapte cupkampen mot Åsane for 14 dagar sidan, så har det gått betre og betre. Vi spelte ein treningskamp mot divisjonskollega Volda i Innvik på måndag, og då tapte vi 30-33. Då var det mykje positivt i mannskapet, seier Oddny Sønnesyn og ser at dei nye spelarane glir betre og betre inn i troppen.

Treng tid

- Ja, det er klart at med fem nye spelarar, så treng vi litt tid. Men allereie no ser det mykje betre ut, seier Oddny Sønnesyn om dei fem nye spelarane Brita Gretarsdottir, Lara Zidek, Ida Drønen, Camilla Leikvoll og Ivana Raickovic.

- Vi møter Fjellhammer på søndag, og veit at dei spelar ein offensiv og fartsfylt handball. Så vi må sette forsvaret frå første minutt, og satse på at vi har nok offensiv styrke til å avgjere kampen til vår fordel. For Fjellhammer har som Førde skifta ut mange spelarar i troppen til denne sesongen, seier Oddny Sønnesyn og ser at også Andrea Boge Solås og Regine Boge Skadal er klar for kampen på søndag.

Følg kampen

- No er alle spelarane på plass, og det skal bli kjekt å sjå den første kampen om seriepoeng, seier klubbens sportslege leiar.

Kampstart i Lørenskoghallen er 18.15 på søndag.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



NO ER DEI KLARE

Lagt ut av Førde IL - Handball den 22. Aug 2019

Sist helg gjennomførte 1. divisjonslaget vårt treningssamling i Bergen mot tre eliteserieklubbar. Det vart ganske klare tap mot både Tertnes og Sola, medan det vart noko jamnare mot Fana. Som dessutan hadde mangeårig Førde-spelar Marit Ova Bøyum på laget.

- Uansett er vi tidleg i fasen med tanke på årets sesong, og legg ikkje så mykje vekt på det som skjer fram til no. Vi har fått fem nye spelarar i klubben, og desse har førebels vore her berre i nokre få veker. Så vi må gje dei noko meir tid til å spele seg inn og bli kjent med oss andre, seier Martine Vindheim då vi møter ho og lisjesøstra Oda på handletur i Førde sentrum.


Er med

- I dag er det akkurat eit halvt år sidan eg fekk korsband-skaden min, og vi markerer det med å kose oss litt her nede i sentrum, smiler søstrene då Førde il Handball sin skribent møter jentene.

Og for Oda så er ho allereie på veg tilbake etter skade og påfølgjande operasjon.

- Eg prøvar å vere med på noko av treningane, som til dømes jogging og enkle skotøvingar. Men eg tek ikkje sjansen på å komme i gang med speløkter for tidleg. Så i utgangspunktet blir det venteleg lite speletid på meg denne sesongen. Men eg skal vere med i miljøet, og ikkje minst vere med på mange av kampane, seier Oda Vindheim.

 

Til Bergen igjen

Til helga brakar det altså laust for alvor. Då ventar bergensklubben Åsane i 2. runde i NM-cupen på bortebane. Og noko av det som freistar førdejentene er tanken på at dei etter ein eventuell siger kan få møte Molde i Førdehuset i neste runde.

- Tenk viss vi kunne ha fått sjansen til å møte Molde på heimebane. Det hadde vore motiverande. Men først må vi prøve å sette 2.divisjonslaget Åsane på plass søndag ettermiddag, understrekar dei to handball-søstrene.

Kampen mot Åsane går i Åsanehallen søndag klokka 16.00.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



FEM NYE SPELARAR ER KLARE

Lagt ut av Førde IL - Handball den 6. Aug 2019

Førde er i oppkøyringa til 1. divisjon, og har sikra seg fem nye spelarar til årets sesong.


Når trenar Hilmar Gudlaugsson og sportsleg leiar Oddny Sønnesyn i desse dagar er på

treningssamling på Hamar, så har dei supplert troppen sin med heile fem nye spelarar.

- Vi har hatt stor utskifting i troppen etter fjorårets sesong, og mellom anna har Marit Ova Bøyum gått

til eliteseriespel for Fana, seier Oddny Sønnesyn som har overteke jobben Odd-Erik Gullaksen har

hatt i klubben i mange år.


- Vi har samarbeid godt i det sportslege apparatet om desse nye spelarane, og ut frå det vi har sett så

langt, så ser det veldig positivt ut. Tre av desse spelarane har spelt på aldersbestemte landslag, og dei

to norske spelarane har begge erfaring frå norsk topphandball. Så vi håpar vi er godt førebudd føre

årets sesong, seier Oddny Sønnesyn.


Her er dei

Dette er dei nye spelarane som trenar Hilmar Gudlaugsson har fått i troppen:

Frå venstre:

  • Ivana Raickovic frå Montenegro. Er fødd i 2000, og har spelt aldersbestemt landslags-handball for Montenegro.
  • Lara Zidek frå Kroatia. Er fødd i 1996, og har spelt europacup for klubblag. Har dessutan landskampar for Kroatia på aldersbestemt nivå.
  • Birta Run Gretarsdottir. Er fødd i 2000, og har spelt for Island på aldersbestemt nivå. Spelte i fjor for
  • Kongsvinger.
  • Camilla Leikvoll. Er fødd i 1998, og har spelt for 1.divisjonsklubben Viking i Bergen i det siste.
  • Ida Drønen. Er fødd i 1996, og bergensjenta spelte i fjor for toppserieklubben Fredrikstad.


Snart start

Denne veka er Førde på treningssamling på Hamar, og skal møte Gjøvik i treningskamp.

Første obligatoriske kamp er cupoppgjeret mot Åsane. Den blir spelt i Bergen mot Åsane onsdag 25.

august.


Tekst og foto: Stig Roger Eide



NO ER MARIT KLAR FOR ELITESERIEN

Lagt ut av Førde IL - Handball den 15. Jul 2019

Arkivbildet er frå ein av mange kampar som Marit Ova Bøyum har bitt kåra til banas beste spelar. 
Foto: Stig Roger Eide


Førde held fram med å produsere nye toppspelarar i handball. No er det klart at Marit Ova Bøyum skal spele for Fana i toppserien.

- Eg kjenner på meg at det er litt trist å reise frå Førde. Eg har hatt utruleg mange flotte år i klubben. Men når eg no er 23 år og har fått tilbod om overgang til Fana, så fann eg ut at tida var inne, seier Marit Ova Bøyum.

FLEIRE KLUBBAR

Dermed kan vi allereie 1. september oppleve bakspelaren, som opphaveleg kjem frå Jølster, i duellar mot Norges beste handballspelarar. Den første kampen til Marit er nemleg mot Tertnes, kor den tidlegare lagvenninna Kjerstin Boge Solås har spelt dei siste sesongane.

- Eg kjenner meg 100 prosent klar for å ta dette steget no. No har eg gjennomført bachelor i idrett i Sogndal dei siste åra, og håpar det skal vere mogleg å få ein liten jobb ved sidan av satsinga på handballen, seier Marit Ova Bøyum som også fekk tilbod om overgang til klubbane Fjellhamar og Haslum.

- Men eg valde Fana då eg opplevde at dei ville ha meg mest. Eg kjenner trenaren, Erlend Lyssand, frå tidlegare samlingar, samt at vi jo har møtt Fana fleire gonger dei siste åra. Han er ein dyktig trenar, og no håpar eg å utvikle meg meir som handballspelar, seier Ova Bøyum som i kjent stil har herja på fotballbana i det siste medan handballen har hatt spelefri.

FOTBALL

- Ja, eg elskar jo å vere aktiv. Så det har blitt nokre kampar for sogndalsklubben Studentspretten i 3. divisjon, seier Ova Bøyum og ler når journalisten viser til at ho står bokført med fire mål.

- He, he. Du har fått med deg det, ja. Eg stod sikkert på rett plass til rett tid, ler Førde sin nye toppspelar i handball hjarteleg.

Fana startar oppkøyringa til årets eliteserie 23. juli, og inann den tid står Marit Ova Bøyum midt oppe i flytte-prosessen til Bergen.

- Det sat langt inne å bestemme seg for å reise frå Førde. Eg har jo hatt det utruleg kjekt her. Men eg følte at tida var inne no. Men eg kjem sjølvsagt til å følgje tett med på korleis det går med klubben, seier Marit Ova Bøyum oppriktig.



SLUTTAR SOM SPORTSLEG LEIAR

Lagt ut av Førde IL - Handball den 24. Jun 2019

Odd-Erik Gullaksen har bestemt å gje seg som leiar for sportsleg utval i Førde il Handball. – Etter så mange år, føler eg at det er på tide å gje meg, seier Gullaksen.

Førde il Handball si utvikling har vore sterkt prega av Odd-Erik Gullaksen sin innsats i svært mange år. Han har ikkje minst vore primus motor for satsinga på damelaget, og vart seinast for 14 dagar sidan heidra med årets handballpris på region Vest si samling i Bergen. 

Men no har den mangeårige krumtappen i Førde-handballen meddelt både spelarar, leiarar og dei største sponsorane at han vil gje seg. 

Ikkje dramatikk 

- Det er ikkje noko dramatikk i dette, og eg skal fullføre arbeidet mitt med tanke på den kommande sesongen. Og eg vil sjølvsagt vere ein del av handball-miljøet i Førde framover. For etter så mange år i dette miljøet, så har det blitt ein viktig del av meg. Men eg har i det siste kjent på at eg har forsaka ein del i meg sjølv, og no er tida inne for at desse sidene av meg blir prioriterte, seier Gullaksen. 

Gullaksen hadde gjennomgang med styret i Førde il Handball sist veka, og det vart då bestemt at Oddny Sønnesyn skal overta hans oppgåver på det sportslege område. 

Ho har i mange år vore både aktiv spelar og trenar for Førde il Handball, og vil gå inn i eit tett samarbeid på det sportslege saman med trenar Hilmar Gudlagsson. Dessutan vil ein del av Gullaksen sine arbeidsoppgåver bli fordelte på forskjellige styremedlemmer i handballgruppa. 

Det vert også jobba med å styrke deler av styret med ein eller to personar, som kan overta nokre av dei arveidsoppgåvene som Gullaksen tidlegare hadde ansvaret for. 

Oddny tek over

- Dette er ein ny situasjon for oss. Odd Erik Gullaksen har på mange måtar fiksa alt dette åleine i så mange år, og no blir det nok eindel fleire arbeidsoppgåver på oss i styret. Men det er vi budde på å ta på oss. Dessutan er det naturleg at trenar Hilmar Gudlaugsson vil få overført nokre av oppgåvene. Og ikkje minst er vi veldig glade for at Oddny Sønnesyn vil ta på seg det sportslege ansvaret for 1.divisjonslaget. Ho kjenner Førde-handballen svært godt, og vi er trygge på at dette er ei oppgåve ho vil takle på ein ypparleg måte, seier styreleiar Bernt Ove Berntsen.

 



FEKK MØTE SITT STORE IDOL

Lagt ut av Førde IL - Handball den 6. Jun 2019

Det var ikkje berre mødrene som måtte tørke tårer. Ungjentene på Førde sitt 13-årslag fekk nemleg møte sitt store idol i Sotra Arena onsdag kveld, og trudde knapt sine eigne auge.

Nora Mørk stilte velvilleg opp til fotografering med Guro Bruland Gurvin, Ronja Nordbotten Holsen
og Marie Erichsen Myklebust i Sotra Arena. Foto: Stig Roger Eide, Førde il Handball
- Skal vi få møte Nora Mørk, og få autografen hennar?

Dei tre Førde-jentene Ronja Nordbotten Holsen, Guro Bruland Gurvin og Marie Erichsen Myklebust var fulle av forventning under VM-kvalifiseringskampen mot Kvite-Russland utanfor Bergen. For heime på jenterommet til 12-åringane heng det mange bilde av landslagsspelarane og Nora Mørk spesielt. 

På hotell

Og då Norge spelte returoppgjeret føre om lag 4000 tilskodarar onsdag kveld, fekk dei tre 12-åringane reise inn til Bergen for å sjå kampen.

-Vi skal bu på hotell i natt, men det mest spennande er om vi får autografen til Nora Mørk. Ho er den mest populære, seier Guro Bruland Gurvin til underteikna etter at kampen er ferdig. 

Då står dei saman med mange hundre unge spelarar og ventar tolmodig på at spelarane skal komme tilbake for å gå runden rundt bana for å skrive autografar. Og når spelarane samlast midt på bana, går det eit sukk av forventning når Nora Mørk dukkar opp. For etter å ha vore ute frå landslagshandballen i meir enn 500 dagar grunna skade, er det tydeleg at mange håpar Nora Mørk skal komme tilbake i toppslag. Ho gjorde comeback mot Sverige for snart to veker sidan, og har spelt begge kvalifiseringskampane den siste veka mot Kvite-Russland. 

Kom rett bort

Og medan dei tre Førde-jentene står med både klubbdrakt og landslagsdrakt som dei vil ha signaturar på, ser dei spelarane fordele seg utover dei mange hundre autografjegerane som står og ventar. Og tru det eller ei, men Nora Mørk kom rett bort til der Førde-jentene stod.

Nora Mørk har ein popularitet utanom det vanlege, og for kvar scoring på handballprofilen letta omtrent taket i Sotra Arena. Etter kampen er Norge no klar for VM.
 Foto: Stig Roger Eide, Førde il Handball
Og på direkte forespørsel om ho kunne stille opp på eit fellesbilde med dei tre Førde-jentene, så svarte handballprofilen: Jøss, har dei reist heilt frå Førde? Sjølvsagt skal du då få ta bilde av oss saman, smilte Mørk og poserte saman med dei tre 12-åringane.

Tårer på kinnet

Og medan dei andre autografjegrane pressa seg på og gjerne ville ha ein bit av handballstjerna, var det tydeleg at augekroken på dei unge Førde-jentene var litt meir fuktig enn vanleg. Her hadde dei fått møte sitt store idol og til og med fått autografen til truleg verdas mest kjende handballspelar. Og det var nok ikkje berre 12-åringane som jubla, for på tribuna sat mødrene og var enda meir rørt over det døtrene deira hadde fått oppleve.

Og etter at Nora Mørk hadde stilt opp til fotografering med ungjentene, kom den eine landslagspelaren etter den andre bort og signerte draktene deira. Og for å kulminere jentene sin draumedag, så stilte heile det kvite-russiske landslaget opp til fellesbilde med jentene utanfor arenaen då alle var på veg heim.

Etter ei slik makalaus oppleving kan det godt hende at det var smil om munnen på jentene då dei stupte til sengs på hotellrommet seint onsdag kveld. 

Og gjett om dei har noko å fortelje når dei møter venninnene sine i Førde etter desse opplevingane.

Tekst: Stig Roger Eide, Førde IL Handball

Det kvite-russsiske landslaget stilte også opp på bilde med dei tre Førde-jentene.
Foto: Sissel Bruland Gurvin



Kan vi slippe jubelen laus?

Lagt ut av Førde IL - Handball den 16. Mar 2019


I fjor spelte Stabæk cupfinale og tapte mot Vipers. Samstundes rykka dei ned til 1. divisjon. Søndagettermiddag kan Førde sende dei ned ein divisjon til.

Når Førde-jentene entrar bana i Førdehuset søndag klokka 16.00, er dei klar over at med to poeng, så
har dei teke eit veldig langt steg mot fornya kontrakt i 1. divisjon. For med siger vil Førde ha 15
poeng, og klubbane Ålgård, Gneist, Viking og Stabæk vil då alle vere bak Førde. Og med tanke på at
Ålgård og Gneist skal møte kvarandre i neste serierunde, kan nedrykks-striden vere avgjort før siste
serierunde.
For søndagens motstandar, Stabæk, er det derimot over og ut, og bærumsklubben kan vere vitne til
ein av dei største sportslege nedturane vi har opplevd i norsk handball. Seinast i fjor spelte Stabæk
cupfinale mot Vipers Kristiansand, og utpå vårparten måtte klubben dessutan konstatere at dei
måtte spele i 1. divisjon i årets sesong. Trenar Pål Olderup Jensen forlot klubben til fordel for
ungarske Debrechen, og i årets sesong har Stabæk opplevd det eine tapet etter det andre. Og med
nytt tap i Førdehuset, må bærumsklubben ta samling i 2. divisjon til hausten.
For Førde sin del blir dette ein svært viktig kamp med tanke på å unngå nedrykk. Etter kampen i
helga har Førde-jentene to kampar igjen, nemleg Charlottenlund (borte) og Fjellhammer (heime).
Derfor hadde to poeng mot Stabæk gjort svært godt, og litt mindre press føre dei to siste
serierundane.
Alle kampane i denne serierunden blir spelte på same tid, og sekretariatet vil venteleg halde oss
oppdatert på kva som skjer i dei andre kampane.
Ta med deg ein god venn, og støtt Førde i den viktige kampen om å tilkjempe seg fornya tillit i 1.
divisjon.
VI treng Førde og Førde treng DEG.
Sjåast på kamp!



DETTE ER SPELAREN FØRDE MÅ STOPPE

Lagt ut av Førde IL - Handball den 5. Mar 2019


Onsdag kveld spelar Førde-damene svært viktig 1.divisjonskamp mot Viking i Førdehuset. Ogtoppscoraren Linn Gossé må for all del stoppast.

Førde har føre kampen onsdag klokka 19.00 fem kampar igjen i årets 1. divisjon. Ein siger vil gje dei
fornya tillit i divisjonen, og klubben håpar den avgjerda skal komme på onsdag. Ikkje minst fordi
Viking er ein av dei klubbane som ligg under nedrykksstreken, og som gjerne vil overta Førde sin plass
på rett side av denne streken.

Vann sist
Førde vann med sju mål over Viking i Bergen i det motsette oppgjeret, men heimelaget reknar med
ein langt tøffare kamp på onsdag.
-Først og fremst blir det viktig for oss å stoppe Linn Gossé. Den tidlegare landslagsspelaren har spelt
mot oss i Førdehuset tidlegare, både for Tertnes og Viking. Og då har ho scora jamt og trutt. Men vi
håpar at vi denne gongen skal ha litt meir kontroll på det ho gjer, seier sportsleg leiar Odd Erik
Gullaksen.

Toppscorar
Linn Gossé er Viking sin suverene toppscorar og med heile 124 mål totalt på 17 kampar i år, så ligg ho
heilt i toppen på oversikten over mestscorande i divisjonen.
-Ho har eit snitt på over sju mål per kamp, og vi håpar å senke dette talet mot oss. Dessutan er ho
viktig for Viking i etablert angrep, og vi må passe på at vi får satt eit godt forsvar. Det er uansett den
beste medisinen. Lukkast vi med det, skapar det entusiasme og vilje i laget når vi angrip og, seier
Gullaksen.

Kom på kamp
Han håpar inderleg at handball-entusiastar tek turen til Førdehuset onsdag kveld, og veit at det betyr
svært mykje for det unge mannskap.
-Støtten frå eit entusiastisk heimepublikum er gull verdt. No kan vi avgjere om det blir 1. divisjon
neste sesong på onsdag, og eg håpar inderleg at vi nyttar denne første sjansen, seier klubbens
sportslege leiar føre kampen mot Viking.



Så var det kneet til Oda som rauk

Lagt ut av Førde IL - Handball den 20. Feb 2019

1.divisjonslaget til Førde har opplevd eit skademareritt denne sesongen, og onsdag kveld var det
kneet til Oda Vindheim som rauk.


-Legen som var i hallen trudde det kunne vere at korsbandet var skadd. Men han utelukka heller ikkje
meinisken. Men no tek vi ingen sjanser, og Oda blir igjen i Bergen for å ta MR-undersøking torsdag.Først da kan vi med sikkerheit seie noko om kor lenge ho vert ute. Men uansett er dette trist, bådefor spelaren sjølv og for laget. Og no har vi hatt nok skader, seier Odd Erik Gullaksen.

Førde il Handball sin sportslege leiar var sjølv til stades i Sandslihallen under 1. divisjonskampen
mellom Gneist og Førde onsdag kveld, som bergensklubben vann 26-23.
-Oda får vridning på kneet då ho går i ein duell med ein Gneist-spelar, og blir liggjande på golvet med
store smerter. Slikt er forferdeleg å oppleve, seier Gullaksen og ser at sidan sesongen starta opp, så
har spelarane Emilie Myklebust Sande, Maria Ullebust Oppedal, Marit Ova Bøyum, Martine
Gjøranson og no Oda Vindheim alle fått skader som gjer at dei er ute av store deler av sesongen.
-Vi har fem kampar igjen av sesongen, og fryktar sjølvsagt at sesongen kan ryke for Oda. Men vi
håpar sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. Og det er sjølvsagt ekstra ergerleg når ho er i så god form, og
også var utteken som reserve i troppen til det norske juniorlandslaget. Men vi håpar i det lengste at
det ikkje er så alvorleg som vi fryktar, seier Gullaksen.

Med tapet mot Gneist er Førde framleis over nedrykksstreken, men dei to bergensklubbane Gneist
og Viking ligg no berre fire poeng bak Førde når det er fem kampar igjen.
-Vi skal ha Viking, Stabæk og Fjellhammer på heimebane, medan vi møter Charlottenlund og Aker på
bortebane. Og eg håpar at ein siger til oss skal vere nok til å stå i divisjonen. Og med alle skadene vi
har, så betyr det at dei unge spelarane som kjem opp må ta ansvar no på tampen av sesongen, seier
Gullaksen.
Neste kamp er heimekamp mot akkurat Viking. Den vert spelt i Førdehuset 6. mars.



FRÅ KAMPEN I FØRDE TIL LANDSLAGSSAMLING

Lagt ut av Førde IL - Handball den 16. Feb 2019


Søndag kveld spelar Kjerstin Boge Solås seriekamp for bergensklubben Tertnes i Førdehuset, og berrenokre dagar etterpå skal ho vise seg fram for landslagssjef Thorir Hergeirsson på samling iKristiansand.


-Eg stressar ikkje det med A-landslaget enda. No har eg vore ute i litt over eitt år grunna kneskaden,
og tek eit steg om gangen. Eg har ikkje hastverk, seier Kjerstin Boge Solås om at landslagsleiinga
allereie no vil ha ho med i troppen når det norske rekruttlandslaget skal ha samling. Og akkurat
Thorir Hergeirsson og Mia Hermansson Høgdahl har ansvarert for rekruttsamlinga neste veke. Den
varer frå torsdag til søndag.


16 månadar ute
-Eg veit at så lenge mange av dei beste norske spelarane deltek i Champions League og elles er
opptekne med andre oppgåver, så vil samlinga i Kristiansand neste helg bestå av spelarar frå den
heimlege serien. Men likevel uansett kjekt å få vere med på landslagssamling igjen. Det er jo ei stund
sidan sist, smiler Kjerstin Boge Solås medan ho er tilbake i Førdehuset med klubblaget sitt. Og
faktum er at det er 16 månadar sidan sist Dale-klippa deltok på samlingmed det norske landslaget.
-Når det gjeld A-landslaget, så skal vel dei delta i Golden League-turneringa i Frankrike i slutten av
mars månad. Men eg stressar ikkje det. Eg er glad så lenge eg kjem med på ei samling om ikkje så
lenge, ler Boge Solås som var den yngste norske kvinnespelaren under EM, då ho fekk sin debut og
vart europameister i desember 2016.

Thorir: -Bruk tida
Og landslagstrenar Thorir Hergeirsson er klar i sin dom når det gjeld Kjerstin Boge Solås:
-Ho har eit udiskutabelt stort potensial som tovegsspelar, sterk midtforsvarsspelar, og som ein bra
bakspelar med både skot og gjennombrot. Ho får konsentrere seg om å komme tilbake etter skaden,
så vil ho forsterke Tertnes-laget solid. Når det gjeld landslaget så får vi sjå utover, seier Hergeirsson
og såg at sist EM kom for tidleg for sunnfjord-jenta.
- No må ho få bruke den tida ho treng, seier Hergeirsson.

Skule og kamp
Men før samlinga i Kristiansand var det handballskule med unge Førde-talent og dei andre Tertnes-
spelarane, før seriekamp i Førdehuset søndag kveld kl. 18.00. Og då er bergensklubben Tertnes
vertsskap for motstandarlaget Skrim frå Kongsberg.
-Tertnes spelte seriekamp i Førdehuset for to år sidan, og eg hugsar det var sjukt god stemning da. Eg
håpar sjølvsagt på det samme søndag kveld. Og så er det jo kjekt at den gamleklubben min, Førde,

med storesøster Andrea i mål, spelar seriekamp mot Follo rett føre. Det vil garantert gjere at det blir
godt med folk på tribunene. Og ikkje noko er kjekkere enn det. Så dette er noko eg verkeleg gler meg
til, seier Kjerstin Boge Solås på snarvisitt heimom.




SÅG VESLESØSTRA DEBUTERE BLANT SENIORANE

Lagt ut av Førde IL - Handball den 16. Feb 2019

No har denne familien ein spelar i eliteserien, ein i 1. divisjon og ein i 3. divisjon. Snakk om handball-
familie.

I 3.divisjonskampen mellom Dale og Stryn fredag kveld fekk 16 år gamle Regine Boge Skadal debuten
sin på seniornivå, og på tribunen sat storesøstrene Kjerstin og Andrea Boge Solås og såg på.
-Kjekt å sjå at ho får prøve seg litt på seniornivået. Men synd at ikkje Stryn kunne gje dei meir
motstand, seier landslagspelaren Kjerstin Boge Solås (21).


Leia 16-0
For Dale vann kampen mot Stryn heile 32-6, etter å ha leia med imponerande 16-0 etter 1. omgang.
- Eg skulle sjølvsagt ha scora når storesøstrene mine såg på debutkampen min. Men eg fekk no laga
eit straffekast da, ler 16-åringen hjarteleg etter oppgjeret og blir gratulert med debuten av laget sin
toppscorar Amanda Holmen som scora heile 13 mål i kampen.

Mot Follo
Storesøstrene Kjerstin og Andrea får ei hektisk helg i samband med topphandball-helga i Førde. På
laurdag skal Kjerstin, saman med lagvenninnene på eliteserieklubben Tertnes, halde handballskule
for unge førdinarar. På søndag skal begge søstrene spele viktige seriekampar i Førdehuset. Først skal
storesøster Andrea (22) spele viktig 1. divisjonskamp mot Follo, medan Kjerstin (20) rett etter denne
kampen skal spele kamp om medalje i eliteserien.
-Eg håpar for vår del at det skal vere mogleg å slå Follo. Vi har tidlegare i år vist at vi er i stand til å
hamle opp med dei fleste i 1. divisjon. Trass i mange skader på medspelarane mine. Så vi får satse på
å lukke igjen målet, og gje utespelarane gode kontringssjansar, seier målvakta Andrea smilande.

Mot Skrim
Medan Kjerstin på sin plass håpar det skal vere mogleg å tukte botnlaget Skrim søndag kveld.
-Men Skrim har akkurat slått Larvik og er ikkje så svake som tabellen viser. Dei har dessutan fått ny
trenar, og det kan jo gje dei eit løft. Men eg har veldig lyst på medalje med Tertnes, og då må vi sikre
oss sigeren her i Førdehuset. Som Dale-jenter har vi Fjalerhallen som heimebane, men etter mange
år i Førde er dette også som ei god heimebane. Og med den stemninga som det brukar å vere her, så
lovar det godt, seier handball-søstrene frå Dale.


Kampar:
Søndag kl. 16.00: Førde-Follo, 1. divisjon
Søndag kl. 18.00: Tertnes-Skrim, eliteserien



PLUTSELEG DUKKA LANDSLAGSSJEFEN OPP

Lagt ut av Førde IL - Handball den 13. Feb 2019


Med ein noko overraskande 22-24siger mot Ålgård søndag tok Førde eit langt steg mot sikker plass i 1. divisjon. Og laget sine gode resultat den siste tiden har også gjort at Førde-spelaren Oda Vindheim er utteken til ny samling med juniorlandslaget.

-Så langt er eg berre reserve i troppen. Men skulle det komme fråfall, så kan det hende eg skal vere med på samlinga i Kristiansand neste helg. Men før den tid skal vi har stor handballhelg i Førde-huset med viktig 1. divisjonskamp mot Follo, og dessutan eit kjempeopplegg med eliteserieklubbane Tertnes og Skrim frå Kongsberg, seier Oda Vindheim føre storhelga i Førdehuset.

Thorir i hallen

Og sjølv om Oda Vindheim for andre gong i løpet av kort tid er utteken til samling med juniorlandslaget, så vedgår ho at ho vart noko overraska då sjefen for det norske damelandslaget for seniorar, Thorir Hergeirsson, dukka opp nede på parketten etter kampen mot Ålgård.

-No spelar dei fleste juniorlandslagsjentene med 1. divisjonsklubbar, og eg reknar med at landslagsleiinga av den grunn ser ein del av kampane våre. Men at Thorir Hergeirsson dukka opp under kampen mot Ålgård, skuldast nok like mykje at han kjenner trenaren vår, Hilmar Gudlaugsson. Men uansett så håpar eg at han såg at det vi gjorde mot Ålgård var ganske bra, ler Oda Vindheim som sjølv er noko overraska over kor mange poeng Førde har plukka gjennom sesongen.

-Vi har vore gjennom ein ganske spesiell skadesituasjon dette året, og likevel plukkar vi poeng i mange av kampane. Noko som skuldast at nye og unge spelarar får tillit, og har teke vare på sjansane dei har fått, sier Vindheim. Ho siktar til skadene til Maria Ullebust Oppedal, Marit Ova Bøyum, Elena Birgirsdottir og Emilie Myklebust Sande, samt at Margrete Mjåtveit har reist på studietur til Bali.


Nye posisjonar

-Og om kort tid reiser også Andrine Stølen på studietur.  Men dette betyr berre at nye får sjansen, smiler Vindheim som sjølv har fått prøvd seg i mange nye posisjonar i årets sesong i 1.divisjon.

- I år har eg gått frå å vere kantspelar til å bli brukt som både bakspelar og senter. OG det er veldig flott for meg å få testa meg ut i nye posisjonar. Eg trur det berre utviklar meg som spelar, seier den fotrappe junioren.

I oppgjeret mot Ålgård var Førde i føringa gjennom heile kampen, og Jeanette Øksenberg vart lagets toppscorar med åtte mål. Målvakta Isabela Maria Rosca vart kåra til Førde sin beste spelar av den lokale juryen.

Søndag ettermiddag klokka 16.00 spelar Førde heimekamp mot Follo i Førdehuset. Føre kampen ligg Follo på 4.plass, medan Førde ligg på 9.plassen.





Årsmøte torsdag 14.februar

Lagt ut av Førde IL - Handball den 11. Feb 2019

Førde IL - handball held årsmøte 2019 torsdag 14.februar på FIL-huset i Hafstadparken.




Sakliste:


1. Godkjenning av innkalling, sakliste og medlemmene sine rettar i møtet

2. Konstituering

Val av:

          ○ Møteleiar:

          ○ Møtereferent:

          ○ To personar til å skrive under protokollen:

3. Årsmelding frå styret

4. Rekneskapen for 2018

5. Treningsavgift 2019

          ○ Framlegg: styret kjem ikkje med framlegg, men ber om at årsmøtet

              diskuterer dette

6. Budsjett 2019 og 2020

7. Presentasjon av revidert sportsleg plan

8. Val



Elvetorget CUP 30.aug. - 1.sept.

Lagt ut av Førde IL - Handball den 28. Jan 2019





Førde IL – Handball inviterer til Elvetorget Cup, ei turnering open for alle lag tilslutta Noregs Handballforbund, og etter NHF`s reglement.


Turneringa er meint som ein "Kick off " før sesongstart for spelarar, trenarar og dommarar. (Ved liten påmelding i ein oddeklasse – vert laga tilbode om å delta i klassen over) 

Vi lovar ei innhaldsrik handballhelg i Førde den 30.august - 1.september 2019.

Sjå meir info og påmelding her