God jul til alle i Førde Handball!

Postet av Førde IL - Handball den 22. Des 2018




Elvetorget Cup 31/8-2/9 2018

Postet av Førde IL - Handball den 2. Mai 2018

Førde IL – Handball inviterer til Elvetorget Cup, ei turnering open for alle lag tilslutta Noregs Handballforbund, og etter NHF`s reglement.

Turneringa er meint som ein "Kick off " før sesongstart for spelarar, trenarar og dommarar. (Ved liten påmelding i ein oddeklasse – vert laga tilbode om å delta i klassen over)

Vi lovar ei innhaldsrik handballhelg i Førde den 31.august - 2.september 2018.

Sjå meir info og påmelding her



Elvetorget CUP

Postet av Førde IL - Handball den 2. Mai 2018


Førde IL – Handball inviterer til Elvetorget Cup, ei turnering open for alle lag tilslutta Noregs Handballforbund, og etter NHF`s reglement.


Turneringa er meint som ein "Kick off " før sesongstart for spelarar, trenarar og dommarar. (Ved liten påmelding i ein oddeklasse – vert laga tilbode om å delta i klassen over) 

Vi lovar ei innhaldsrik handballhelg i Førde den 31.august - 2.september 2018.

Sjå meir info og påmelding her



Årsmøte 2017

Postet av Førde IL - Handball den 28. Feb 2018

Førde IL - Handball innkaller til årsmøte mandag 5. mars kl. 19.00-21.00 i FIL Huset i Hafstadparken.

Vanlege årsmøtesaker.

Vel møtt.


Styret



Nytt innlegg - how to

Postet av Førde IL - Handball den 14. Feb 2018

H


Korleis du skal legge inn eit innlegg her på Handballsida!

  1. Logg inn
  2. Trykk på "Blyanten"  og velg "Nytt innlegg" i menyen
  3. Du kan no lage eit innlegg - eller som det står : Blogginnlegg
    1. Velg forfatter (deg)
    2. Lag ein tittel
    3. Under "Ditt blogginnlegg:" kan du..
      1. legge inn det du ønsker av tekst
      2. Trykk på "bilde" og du kan laste opp eit bilde fra din pc
      3. Merk tekst på ei web-side og kopier inn i bloggen
      4. Kopier eit bilde fra ei webside og lim rett inn
      5. Leik deg med font
      6. Eller skriv ein tekst, marker den og trykk på "Link"(kjettingen) 
      7. etc...
  4. Når du er ferdig med bloggen din, kjem du til ei rute merke "Ingress:" Dette er den teksten som blir ståande på framsida til heimesida - som ein liten reklame for bloggen din.
  5. Trykk så på den "BLÅ KNAPPEN FORHÅNDSVIS"
  6. Er du fornøgn trykker du på publiser, eventuelt trykk på rediger for å gjere fleire endringer.
  7. Når ein publiserer havner innlegget på framsida....
    1. Enten som storoppslag på Forsida
    2. eller som blogg/siste innlegg på høgre sida.
  8.  Lykke til!



Gutte 12 på treningsøkt med herrelaget før kampen

Postet av Førde IL - Handball den 8. Feb 2018

Herrelaget inviterte gutte 10-12 på eit treningsøkt søndag før kampen mot NHHI 2.  Ein heil gjeng møtte opp, og dei viste fram mykje bra. Dette blir spennande om nokre år - når dei dukker opp på herrelaget - for å knuse gamlingane ;)

Etter økta stilte fleire av dei på tribuna, der dei gav lyd fra seg heile kampen. Trommene fekk knapt kvilt seg, kjempemoro for oss på bana med stemninga de gav. Tusen takk for støtta!

Her er eit bilde fra økta:



Herrelaget suser vidare - nok ein thriller kamp!

Postet av Førde IL - Handball den 8. Feb 2018


Siste kampen mot NHHI 2 var nok og nervepirrande for den flotte gjengen på tribuna. Tusen takk for levenet de laga til, trur handballguttene heldt trommene i gong heile kampen!  Heile kampen var jevn, med Førde i leiinga stort sett heile tida. Siste minutta greidde Førde å få eit forsprang og vann kampen 28-26.  Micha, Andreas og Brian kunne notere seg for 7 og 8 mål!

Vi ligg på tredjeplass i divisjonen, a poeng med andreplassen.

1Sotra 37700254 - 16814
2Viking TIF 37502223 - 19210
3Førde8503225 - 22810

Her er bilder fra kampen tatt av Terje Hanekam:



Berga uavgjort i thrilleren mot Grane Arendal

Postet av Førde IL - Handball den 29. Jan 2018

Firda: Førdes handballjenter kunne fort hamna på nedrykksplass, men unngjekk det med 23-23 mot Grane Arendal.

Førde tok poeng mot tabellnabo på heimebane

Berga poeng til slutt

Av: Ivar Bruvik Sætre, Firda

– Siger hadde vore fantastisk, men kampen sett under eitt skal vi vere nøgde med eitt poeng, seier kaptein Maria Ullebust Oppedal.

Førde-damene spelte seriekamp mot Grane Arendal på heimebane denne søndagen, den enda med 23–23 etter nokre nervepirrande sluttminutt.

Med uavgjort ligg Førde framleis to poeng framfor Grane Arendal på førstedivisjonstabellen, og ligg framleis éi plassering over nedrykksplass.

Hadde Førde tapt, ville laget bytta plassering med Grane Arendal og hamna på nedrykksplass.

Mista piffen

Førde opna offensivt, og begynte å leie med fleire mål tidleg i kampen. Men til pause stod det 12–12.

– Vi kjem sterkt inn i kampen. Vi spelar godt med offensivt forsvar og tar initiativ. Men det er slitsamt å spele så aggressivt heile kampen. Vi misser litt initiativet, blir litt passive og redde, seier Førde-trenar Kristinn Gudmundsson.

Ut i andreomgang tok sørlendingane styringa, før Førde henta seg inn til 23–23 få minutt før kampslutt. Og slik enda stillinga.

– Eg er nøgd med at vi tok oss saman og kom inn igjen i kampen. I vår situasjon er det dødsviktig at vi fekk poeng, seier han.

Kaptein Ullebust Oppedal meiner Førde fekk mest ut av uavgjort, ettersom Grane Arendal er meir desperate etter poeng.

Thriller for publikum

Men dei på tribunane fekk kanskje aller mest ut av kampen.

– Det var ein spennande kamp, så publikum fekk i alle fall valuta, seier Ullebust Oppedal.

Ho meiner Førde er i ein relativt komfortabel situasjon på tabellen.

– Vi ligg på plassen over nedrykk. Det er vi skal vere, om ikkje høgare. Vi har god sjanse mot alle laga, som vi viste då vi slo Aker førre helg, seier ho.

Maria og co. har åtte kampar igjen før serieslutt i april. Neste søndag møter dei Bergen-laget Viking TIF på heimebane.

https://www.firda.no/sport/for...



Bortesiger 28-29 mot Aker Topphandball 21. januar!

Postet av Førde IL - Handball den 21. Jan 2018

Alle er superfornøgd med to poeng i bagasjen heim igjen til Førde! Med ein kjempeinnsats i forsvar der jentene kriga i frå seg og Andrea stengte buret, kunne det ikkje bli noko annet enn siger! Vi nyter sigeren og gleder oss samtidig til neste heimekamp komande søndag kl.14 i Førdehuset. Ser dykk der!



Presseklipp firda.no 21.08.2018:

Førde vann thriller-kamp!

Av Torvald Hjelden Sætrang

HANDBALL: Førde sin nye spelar Diana Kristin Sigmarsdòttir scora det siste målet og avgjorde 

Etter eit stygt tap heime mot tabbel-nabo Fjellhammer førre helg var Førde sitt kvinnelag i handball ute etter å reise kjerringa søndag kveld. Då var det Aker topphandball som sto på motsett banehalvdal og kampen i Njårdhallen skulle vise seg å bli langt jamnare enn førre helg.

Aker, som før dagens kamp låg på 6.-plass på tabellen, gav Førde kamp om sigeren heilt til sluttsignalet gjekk etter 60 minutt. Då var stillinga 28–29 og Førde kunne juble for to livsviktige poeng i det som ser ut til å bli ein spennande kamp om tilværet i 1. divisjon.

Strålande fornøgd

Sigeren gjer at Førde framleis ligg på trygg plass, to poeng føre Grane Arendal som vann sin kamp mot Gjøvik Vardal tidlegare på dagen. Nysigneringa Diana Kristin Sigmarsdòttir fekk æra av å score det avgjerande målet då ho like før slutt sto for scoringa som sørga for at det blei 28–29.

Trenar Kristinn Gudmundsson var strålande fornøgd etter den dramatiske kampen.

 – Det er dette som gjer handball så moro. I dag var det heilt fantastisk at vi fekk vippa kampen i vår favør. Vi viser at vi er levande og i dag er vi på i 60 minutt. Vi krigar oss til seier og det er eg nøgd med.

Trass i ein god prestasjon mot ein tøff motstandar ønsker ikkje Gudmundsson å friskmelde Førde.

 – Det er ei veke mellom kampane. Førre veke var vi elendige og prestasjonane svingar heile tida for laga i 1. divisjon. V må halde konsentrasjonen opp heile vegen. I kveld kan vi feire ein flott siger, så må vi jobbe hardt mot neste kamp heime mot Grane Arendal.

Forsvaret fungerte

Jeanette Øksenberg blei Førde sin toppscorar med heile åtte mål. Ho var naturleg nok fornøgd med eigen innsats.

– I dag var eg faktisk mest fornøgd med forsvarsspelet mitt. Forsvaret fungerte bra for heile laget i dag. Då eg får til forsvaret blir det også lettare framover på bana. Eg er fornøgd med eigen innsats og med å ha spelt 60 minutt.

Få minutt får slutt hadde Øksenberg moglegheita til å så godt som avgjere kampen. Frå 7-meteren kunne ho auke leiinga til tre mål, men bomma og Aker gjekk rett opp og scora.

– Då blei eg skikkeleg irritert. I mitt hovud er straffekast enkle mål og dei skal eg sette. Heldigvis klarte eg å nullstille meg etter bommen og fokuserte på å stoppe dei i forsvar. Då vi klarte å stoppe det siste angrepet deira og kampen endeleg vippa i vårt favør var eg både letta og kjempeglad. Ingen trudde at vi kunne vinne denne kampen bortsett frå oss og eg merka på turen hit at jentene var gira.

https://www.firda.no/forde/han...






Coop Extra Handballskule

Postet av Førde IL - Handball den 14. Jan 2018

Førde handball og Coop Extra inviterer til handballskule

19. – 21. februar i Førdehuset


I vinterferien gjentek Førde handball og Coop Extra suksessen med handballskule for born i Førde og nabokommunane.


Handballskulen er eit tilbod til alle born i alderen 7-13 år, uansett nivå.


Sjå meir om handballskulen her



Islandsk elitespelar klar for Førde!

Postet av Førde IL - Handball den 12. Jan 2018


Presseklipp frå Firda 12,01.2018:


HANDBALL: Førde mista to spelarar på nyåret, men har henta inn ein islandsk bakspelar som erstattar.


Av: Svein Rune Kjøllesdal, Firda 

– Eg ser fram til å få spele for Førde, seier islandske Diana Kristin Sigmarsdòttir til Firda.

Ho har nettopp gjennomført si første trening med Førde, og både klubb og spelar håpar at ho skal bli speleklar til kampen mot Fjellhammer i helga. Om ikkje papira går gjennom det europeiske handballforbundet si papirmølle i tide, må ho vente til møtet med Aker før ho får sin debut.

Men ein ting er sikker, den tidlegare IBV Vestmannaeyjar-spelaren blir Førde-spelar.

– Klubbane har signert papira og er samde. Det kan ta litt tid før papira går gjennom i EHF, men vi har prøvd å vere raske, seier Førde-trenar Kristinn Gudmundsson.

To spelarar ut

Han fortel at Førde var nøydde til å gå ut på marknaden etter nye spelarar, etter at Alexandra Baesu har valt å trappe litt ned og Anniken Bjorøy, som signerte for Førde før denne sesongen, har forlate klubben.

– Då vart vi nøydde til å forsterke. Diana passar veldig godt inn. Ho er ung, og har potensial til å utvikle seg meir, seier Gudmundsson.

Og så har ho ein skotarm, med snert i. For det var fleire høve der ballen plystra i nota bak ein sjanselaus keeper frå den venstrehendte bakspelaren på høgresida.

– Det visste vi sjølvsagt godt. Den skotarmen er sterk. Så det var ikkje tilfeldig at det var Diana vi gjekk for, seier Gudmundsson.

Han trekker og fram det at ho er islandsk som ein fordel.

– Ho kjem til å komme lett og raskt inn i gruppa. Det er ganske lett å flytte frå Island til Førde. Og så kan eg snakke til ho på islandsk på treningane, så kommunikasjonen vil gå veldig lett, seier den islandske trenaren med eit smil.

Gudmundsson fortel at Sigmarsdòttir er ein spelar han har kjennskap til frå før.

– Eg har aldri trent ho, men ho er ein spelar som vil gjere oss betre, seier han.

– Er ho ein spelar som gir dykk betre sjansar til å unngå nedrykk?

– Ja, ho vil gi oss betre moglegheiter til å berge plassen. No håpar eg berre ho passar inn i måten vi spelar på, seier Gudmundsson.

Landslaget

Sjølv er Diana Kristin Sigmarsdòttir spent på korleis det blir å komme inn i miljøet i Førde, men spelaren frå Selfors på sagaøya er klar på at ho skal bidra.

– Eg er ein spelar som likar å vere med både offensivt og defensivt, og eg kjende til «Kiddi» frå tida då han var trenar på Island, så dette ser eg fram til, seier 22-åringen.

På Island har ho spelt i eliteserien, og ho har i tillegg vore innom landslaget.

– Eg har ikkje kampar med landslaget, men har vore på treningssamling med dei, seier ho.




Levert av IdrettenOnline