ELVETORGET CUP 2018

FØRDE IL - HANDBALL


Førdehuset, 31.august - 2.september 2018

Førde IL – Handball inviterer til Elvetorget Cup, ei turnering open for alle lag tilslutta Noregs Handballforbund, og etter NHF`s reglement.

Turneringa er meint som ein "Kick off " før sesongstart for spelarar, trenarar og dommarar. (Ved liten påmelding i ein oddeklasse – vert laga tilbode om å delta i klassen over)

Vi lovar ei innhaldsrik handballhelg i Førde den 31.august - 2.september 2018.

Kampane vert avvikla i Førdehuset, og overnatting vert på skular like ved hallen. Dersom stor pågang er det aktuelt at nokre innleiande kampar laurdag vert avvikla i Naustdal (då senior/evnt 16 års kampar)

I tillegg til dei sportslege aktivitetane, vil sosiale aktivitetar for store og små gjere dette til ei minnerik helg i Førde. For dei som treng ekstra utfordring, vert også Førde Opp arrangert denne helga: http://fordeopp.no

Klasseinndeling:

  • J11 - 2007 og yngre
  • G11 - 2007 og yngre
  • J12 - 2006
  • G12 - 2006
  • J13 - 2005
  • J14 - 2004
  • G14 - 2004-2005
  • J15 - 2003
  • J16 - 2002
  • G16 - 2002-2003
  • Kvinner og Menn Senior 3. divisjon og lågare
  • Kvinner (max 6 lag) 1. og 2. divisjon

Påmelding:

All påmelding skjer på Førde IL Handball`s heimeside her (link til profixio)

Siste frist for påmelding/turneringsavgift er 01.Juli 2018.


Eventuelle spørsmål knytt til kampoppsett: dagfinn.vik@enivest.net

Vi tek atterhald om at turneringa kan bli fullteikna, så ver rask og meld deg på. Godkjend påmelding når turneringsavgifta er betalt.

Turneringsavgift (påmeldingsavgift):

  • Kr ?,- pr lag
  • Kr ?,- pr lag (kvinner 1. og 2. divisjon)

Spelesystem: Innleiande kampar vert spelt i puljar på fortrinnsvis 4 lag og spelt som seriesystem.

Deltakarkort: (1 leiar gratis pr. lag)

A-kort: Kr ?,- (inkl. diskotek laurdag kveld og øvrige aktivitetstilbod (alle må ha minimum A-kort)

Alle lag er garantert minimum 4 kampar. Klassane J/G 12 og eldre går til sluttspel og finalespel. Planlagt speletid pr. kamp: t.o.m. 11 år 1x 15 min, øvrige 1x 20 min

B-kort: Kr ?,- som A-kort – med tillegg av 2 overnattingar på skule, samt frukost og middag laurdag, og frukost søndag og sjølvsmurt nistepakke.

Evnt.: Kr ?,- i tillegg for kveldsmat fredag (må forhåndsbestillast).

Kr ?,- i tillegg for varmlunsj søndag (må forhåndsbestilast).

Premiering: Alle spelarar i J/G 11 og yngre får individuell medalje.

1.aug. er frist for å bestille/betale Deltakarkort/Tjenester, samt registrere spelartal og lagleiarar seinast 20. aug.


Pokaler (1, 2 og 3 plass) for dei øvrige klassane .

Alle innbetalingar skal skje til:

Kontonummer: 3705.09.75488 (?)

Førde IL Handball (cup), Postboks 536, 6803 Førde.

Overnatting: Det vert overnatting på skular i nærleiken av Førdehuset. Lag som overnattar er sjølve ansvarlege for å klargjere klasseromma til overnatting, samt rydde klasseromma tilbake før avreise. På skulane vert det kontinuerlig vakthald.

Vi ynskjer at alle spørsmål kring cupen vert stilt på facebook: her


Følg oss på Facebook for oppdatert informasjon undervegs.


Powered by: Bloc