Oda (17): – Her har eg vore sidan eg lærte å gå. Det har vore ein draum for meg

Postet av Førde IL - Handball den 19. Nov 2017


Av 

HANDBALL: Oda Vindheim (17) har jobba knallhardt for plassen på førstelaget. Men handballdraumen inkluderte nok ikkje at dei skulle få juling på heimebane av Rælingen.

– Dei er på eit høgt nivå, og vi blir slitne utover i kampen. Måten dei spelar forsvar på er noko vi må lære av, det er ein heilt annan intensitet i det. Når ein møter slike lag blir ein mørbanka, seier 17 år gamle Oda Vindheim og smiler tappert, samtidig som ho ser storesøstera forsvinne ut døra og på veg ned i garderoben.

Dei har nettopp tapt 19–30 heime mot Rælingen. Knust frå første speleminutt. Sjanselause.

For Oda Vindheim var kampen likevel eit nytt døme på at ho får meir og meir tillit i den kvite drakta i 1. divisjon.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc